Tertnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tertnes
stad
Tertnes, med Byfjorden og Askøy i bakgrunnen
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bergen
Folketal 2 950  (2023)
Postnummer 5113-5114 TERTNES, 5119 ULSET
Preposisjon Tertnes
Gardnummer 186
Kart
Tertnes
60°27′27″N 5°17′24″E / 60.457472°N 5.290089°E / 60.457472; 5.290089

Tertnes er eit bustadområde og ein matrikkelgard i Åsane bydel i Bergen. Folketalet innanfor den gamle matrikkelgarden var 2950 i 2001. Det tettbygde området vert rekna som del av den samanhengjande tettstaden Bergen. Tertnes ligg sørvest i Åsane, ved Byfjorden.

Etter at Tertnesvegen stod ferdig i 1920-åra, vart det fart i bustadbygginga på Tertnes. I første halvpart av 1900-talet var området populært som hytteområde for bergensarar. Frå 1950 av tok heilårsbustader over. Utbygginga på Tertnes har i hovudsak vore einebustader, men det finst òg ein del rekkjehus og eit par høgblokker. Tertnes barneskule vart oppretta i 1919, vart flytta til eit nybygg i 1960 og fekk eit nytt nybygg i 2005. Tertnes idrettslag vart stifta i 1953, og er særskilt kjent for kvinnehandballaget sitt, som er i Noregstoppen.

I 1939 var det registret ti bruk med jordbruksaktivitet på Tertnes. Etter krigen gjekk dette nedover i takt med utbygging av bustadfelt, og kort tid etter 1970 var det heilt slutt med jordbruk her.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Frode Fyllingsnes, Åsane - i fortid og nåtid (Bodoni forlag, 2007), s. 110-116

Fotnotar