Tertnes Idrettslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Tertnes Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande på Tertnes i bydelen Åsane i Bergen kommune. Idrettslaget vart skipa 25. januar 1953 og har avdelingar i basketball, fotball, handball og alpine greiner på ski.

Handball[endre | endre wikiteksten]

Tertnes IL sitt kvinnelag i handball har delteke i toppserien sidan 1992. I mai 2000 møtte Tertnes det spanske laget Mislata Tortajada til finalespel om EHF-pokalen, eit dobbeltoppgjer som enda med Tertnes-tap 41-42. Tertnes stilte då med ei rad landsslagsspelarar til dømes; Mette Davidsen, Kjersti Grini, Marianne Rokne og danske Janne Kolling. Cecilie Leganger spelte 1993-97 på Tertnes-laget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]