Tethyskrateret Odyssesus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Odysseus-krateret er det gigantiske og sirkulære overflatetrekket oppe til høgre.

Odysseus er det største nedslagskrateret på saturnmånen Tethys. Det er 400 kilometer i diameter, 2/5 av månens totale størrelse. Det har fått namn etter den greske helten Odyssevs.

Odysseus er eit veldig grunt krater. Krateret må opphavleg ha vore djupt, med ein høg fjelliknande kraterkant. Over tid har kraterbotnen blitt sliten ned av tyngdekreftene til Tethys (liknande har skjedd på jupitermånane Callisto og Ganymede). Dette indikerer at Tethys var varm og formeleg nok til at topografien kollapsa; månens indre var kanskje flytande. Om Tethys hadde vore kaldare og meir skjør under nedslaget kunne månen ha blitt øydelagd av nedslaget og blitt splitta opp i mindre bitar. Skulle likevel Tethys ha overlevd eit slikt nedslag, ville krateret halde på forma si, likt Herschel-krateret på Mimas.

På den motsette sida av Tethys finn ein den gigantiske kløfta Ithaca Chasma, som kan ha blitt danna som eit resultat av Odysseus-nedslaget.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]