The Sims 4

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Sims 4
Sims 4 logo.svg
Utviklar(ar)Maxis
Utgjevar(ar)Electronic Arts
Komponist(ar)Ilan Eshkeri
SerieThe Sims
Plattform(er)Microsoft Windows, macOS, PlayStation 4, Xbox One
Utgjeving2014[1]
SjangerLivssimulering
SpelemodusEnkeltspelar
AldersgrenseTeen/PEGI 12

The Sims 4 er eit livssimuleringspel og den fjerde tittelen i The Sims-serien. Electronic Arts annonserte spelet den 6. mai 2013 og det vart gjeve ut i Noreg for Microsoft Windows i september 2014, og for macOS i februar 2015.[2] Konsollutgåver vart lansert for PlayStation 4 og Xbox One i november 2017.

Sidan lanseringa har Electronic Arts gjeve ut åtte utvidingspakkar til spelet, tillegg til fleire «spelpakkar», «stæsjpakkar», og gratis oppdateringar som har lagt til nye funksjonar og spelområde.

Oppsett[endre | endre wikiteksten]

The Sims 4 lar spelaren lage ein «sim» – ein figur som spelaren styrer gjennom ulike livsfasar. Spelaren sine val påverkar simmen sin personlege utvikling og gjer det muleg å styre historia i ulike retningar.

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Electronic Arts sende ut ein e-post til fleire fansider den 3. mai 2013 der dei sa at det ville bli ei kunngjering om eit nytt spel den 6. mai 2013, som mange spekulerte ville bli The Sims 4.

Spelet blir utvikla av The Sims Studio og Maxis, i motsetning til The Sims 3, som blei utvikla berre av The Sims Studio, sjølv om mange Maxis-tilsette jobba på spelet.

Spelmekanikkane i The Sims 4 var avduka i ein video på Gamescom 2013 saman med andre EA-titlar. Videoen fokuserte mellom anna på korleis «Lag ein sim»-funksjonen var blitt forbetra.

Simmar vil òg være i stand til å gjere fleire oppgåver samtidig, slik som å snakke og gå på same tid.

Utgåver og utvidingspakkar[endre | endre wikiteksten]

Namn Utgjevingsdato Inneheld
The Sims 4 2014 Kjernespel på DVD
The Sims 4 Limited Edition Kjernespel på DVD, Life of the Party Digital Content
The Sims 4 Digital Deluxe Kjernespel på DVD, Life of the Party Digital Content, Up All Night Digital Content, Digital Soundtrack, Origin Exclusive Content
På jobben 2015
Gøy med gjengen 2015
Livet i byen 2016
Katte og hunder 2017
De fire årstider 2018
Kjendisfaktor 2018
Livet i tropene 2019
Studentliv 2019

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Maxis Unveils The Sims 4» (engelsk). Electronic Arts, Inc. 6. mai 2013. Henta 25. mai 2013. 
  2. E3 2014: The Sims 4 Release Date Announced - IGN (på engelsk), henta 7. april 2020 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]