This is not a drill – An extinction rebellion handbook

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eit utsnitt av eit fotografi frå gata under ein Extinction Rebellion-aksjon framføre Tate Modern i London, 15. oktober 2019
Foto: Flickr-brukar saw2th

This is not a drill – An extinction rebellion handbook er ei essaysamling med påstandar om konsekvensar av klimaendringar og framlegg om handlingar for å mildne eller unngå framtidige verknadar. Samlinga inneheld i alt 29 essay skrivne av like mange bidragsytarar og dei er kategoriserte i to hovuddelar, «Sei sanninga» og «Handle no». Boka kom ut på Penguin Books forlag i Storbritannia, 2019.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Den indiske forskaren og miljøaktivisten Vandana Shiva har skrive forordet. For å uttrykke kva som skjer i dag referer Shiva til hopi-omgrepet powaqqatsi som uttrykkjer ein eksistens, eit levevis, som tar livskrafta frå andre vesen for å fremme eiget liv.[1] Shiva introduserer òg slagordet «Det finst ingen planet B».

Ei innleiing ramsar opp kva som er gjennomført av Extinction Rebellion-rørsla og kva som er strategien for vegen framover. At «Problemet» ikkje berre er klimaet, men er samansett og inkluderer kapitalismen, ulikskap, makt, korrupsjon, eit defekt system. Òg det at vi feilar i å førestille oss eit meiningsfullt alternativ.

«Sei sanninga»[endre | endre wikiteksten]

Den første hovudseksjonen inneheld tolv essay skrivne av bidragsytarar som har erfart verknader av klimaendringar. Til dømes skriv Hindou Oumarou Ibrahim, ein leiar av eit halvnomadisk samfunn av innfødde ved Tsjadsjøen, om sjøen som har mista 90 % av overflata og at vassmangel fører til fattigdom og konfliktar.

«Handle no»[endre | endre wikiteksten]

Denne seksjonen samlar 17 essay og inneheld mellom anna praktiske rettleiingar til aksjonar med sivil ulydnad og korleis førebu seg til å bli kasta i fengsel.

Omtale i norske media[endre | endre wikiteksten]

Nyhendemagasinet Ny Tid refererer til innhaldet i boka utan å vere kritisk.[2] På nettstaden til Besteforeldra sin klimaaksjon (BKA) har Ivan Chetwynd eit innlegg om likskapar mellom This Is Not a Drill og Down to Earth. Politics in the New Climatic Regime (Polity 2019) av den franske sosiologen Bruno Latours. Begge bøkene handlar om å førebygge ei påstått kommande klimakatastrofe.[3] I ein kommentar spør leiaren i Fremtiden i våre hender, Anja Bakken Riise, om føremålet med boka, å mane til verdsomspennande opprør er utopisk og naivt, og seier at styrken i boka er mangfaldet i tekstane.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Nettstad for Qatsi-filmtrilogien: definisjonar Henta 8. desember 2019
  2. Iril Kolle, Klimarebeller med samhold og lynlim Ny Tid nettstad 8. november 2019. Henta 8. desember 2019
  3. Ivan Geork Chetwynd, Quo vadis? Nettstaden Besteforeldrenes Klimaaksjon, 11. oktober 2019. Henta 8. desember 2019
  4. Anja Bakken Riise Gi verden en sjanse Nettavisa til Klassekampen 10. august 2019. Henta 8. desember 2019