Tholos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tholosar i Harran i Tyrkia.

Tholos er ei gresk nemning på bikube- eller kuppelforma steinbygg som ein finn i Middelhavslanda. Dei blei bygde frå Antikken og husa hovudsakleg eit tempel eller ei grav.

Grava eller "skattkammeret" til kong Atreus er den mektigaste tholosen på Mykene.

Tid og stad[endre | endre wikiteksten]

Dei første tholosane i Hellas blei til rundt 1500 f.Kr., i den greske bronsealderen, og trengde gradvis vekk dei eldre sjaktgravene. Dei største og best kjende bygga er frå Mykene. Ein finn òg restane av ein kjend tholos i Atene-tempelet i Delfi og Asklepios-heilagdomen i Epídavros.

Tversnitt gjennom Atreus-tholosen.

Bygging[endre | endre wikiteksten]

Tholosane blei bygde av steinblokker som møttest i ein avrunda, men òg noko spiss kvelving på toppen. Døropningen blei markert med monolittar på kvar side eller ein rett søyle laga av fleire steinar. Ein kunne så dekka bygget med jord slik at det fekk ein liten haug rundt seg, med ein lang gang ned frå overflata. Ofte bygde ein tholosane i bakkar eller åssider.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

I kvar av gravbygga gravla ein fleire døde på ulike stader, anten rett på golvet i gravkammeret eller i uthogde rom i golvet. Ein reknar med at større graver, med ein diameter på 10 til 15 meter, blei brukte til å gravleggja kongelege, men fordi kvar mykenske busetjing hadde meir enn éi slik grav blei truleg òg andre, lågareståande samfunsmedlemmer gravlagde her. Mange av tholosgravene er blitt plyndra for lenge sidan, og me veit ikkje kva gravgods dei inneheldt.

Liknande bygg, med pynta innerveggar, blei òg laga av etruskarar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tholos

Kjelder[endre | endre wikiteksten]