Thomas Natvig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Thomas Natvig
Fødd 5. september 1803
Død

25. august 1890

Yrke politikar

Thomas Natvig (5. september 180325. august 1890) var ein norsk skipper, hamnefut og stortingsmann frå Kristiansand.

Natvig var son til ein koffardiskipper som døydde i krigsfangenskap i England. Han vart sjølv sjømann, og var skipper til 1843. I 1841 førte han barken «Ledaal» til Batavia, og skal ha vore den fyrste skipperen som viste det norske flagget i Ostindia.

År 1843 flytta Natvig til Stavanger, der han var navigasjonslærar til dess han i 1852 fekk ei stilling i tollverket. Allereie året etter vart han hamnefut og losoldermann i Stavanger, frå 1855 også innrulleringsbetjent.

Natvig var valmann frå 1847 til -73. Sjølv representerte han Stavanger på Stortinget 1851, 1857, det overordentlege Storting 1858, samt 1859-60-tinget. I alle stortingssesjonane var han medlem av næringskomite nr 2, frå 1857 var han også medlem av Lagtinget. I 1856 og 1861 var Natvig medlem av kongelege kommisjonar som handsama høvesvis styrmannseksamenen og loslova.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]