Thor Breien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thor Breien
Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. oktober 1794
Jevnaker
Død

20. november 1868 (74 år)
Christiania

Yrke offiser, politikar
Språk norsk

Thor Breien (30. oktober 179420. november 1868) var ein norsk offiser, gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Jevnaker i Oppland.

Breien var son av ein brukseigar i Norderhov i Buskerud. Sjølv var han 1807-12 elev av det kongelege norske landkadettkorps i Kristiania. Han vart sekondløytnant i nordafjelske infanteriregiment i 1812, tilsett ved landkadettkorpset i 1813, og i 1814-15 adjutant hos sjefen for korpset, Diderich Hegermann.

Frå 1818 gjorde Breien teneste i 2. akershusiske brigade, i 1823 vart han premierløytnant i ringerikske kompani. År 1837 vart han kaptein i det norske jegerkorps, sjef 1843 for landske kompani. I 1844 same posisjon i ålske kompani, var i 1848 med på utmarsjen til Skåne.

Breien tok aktiv del i utviklinga av lokalsamfunnet i Ringerike. Mellom anna var han med å stifte Norderhov sokneselskap og Ringerikes sparebank. Han arbeidde iherdig for oppretting av kjøpstadHønefoss og av vidaregåande skular, samt betre kår for husmennene. 1840-41 var han ordførar i Norderhov.

I 1842 og i 1845 representerte Breien Buskeruds amt på Stortinget. Fyrste gongen var han sekretær i militærkomiteen og medlem av skysslovkomiteen. Siste gongen var han medlem av protokollkomiteen.

Perioden frå 1819 til 1848 budde Breien på farsgarden i Norderhov. Han tok avskjed frå det militærte i 1854, og busette seg då i Kristiania. Der døydde han i 1868.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]