Thor Myklebust

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thor Myklebust
Thor Myklebust (1908 - 1989) (7637007478) (cropped).jpg
Fødd30. juni 1908
Kvinnherad
Død11. januar 1989 (80 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre, Det Liberale Folkepartiet
Yrkepolitikar, journalist, redaktør

Thor Myklebust (30. juni 190811. januar 1989) var ein norsk politikar for Venstre og Det Nye Folkepartiet. Han sat på Stortinget frå 1965 til 1973.

Myklebust vart fødd i Kvinnherad og voks opp på garden Myklebust i Uskedalen. Han gjekk på Sunnhordland folkehøgskule i 1924-1925 og Bladmannskulen i 1927. Han tok over gardsdrifta på Myklebust i 1933 og dreiv garden til 1965. Han var òg journalist i Bergens Tidende frå 1947 til 1978.

I ungdommen var Myklebust engasjert i Ungdomslaget, og vart til slutt varaformann i Noregs ungdomslag frå 1947 til 1955. Han fekk politiske verv som medlem av herredsstyret eller formannskapet i Kvinnherad frå 1945 til 1963. I 1965 vart han vald inn på Stortinget frå Hordaland og sat der i to periodar. Då Venstre vart splitta i 1972 var Myklebust ein av dei som gjekk over til Det Nye Folkepartiet. Frå 1973 til 1977 var han første vararepresentant til Stortinget for Det Nye Folkepartiet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]