Thorstein Veblen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Thorstein Veblen (18571929)

Thorstein Bunde Veblen (30. juli 18573. august 1929) var ein norsk-amerikansk sosiolog og økonom, og ein grunnleggjar, i lag med John R. Commons, av rørsla for institusjonell økonomilære. Han var ein sterk kritikar av amerikansk økonomi, og er mest namngjeten for verket The Theory of the Leisure Class (1899).

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Veblen vart fødd i Cato i Wisconsin, av norske innvandrarforeldre. Nevøen hans, Oswald Veblen, vart ein namngjeten matematikar. Norsk var første målet hans, men han lærte engelsk både frå grannar og på skulen, der han byrja da han var 5 år gammal. Familien hans var særs vellukka, og la stor vekt på utdanning og hardt arbeid, noko som utan tvil bidrog til hans seinare forakt for det han kalla det brautande forbruket (conspicuous consumption) og sløsinga i denne veksttida.

Han oppnådde bachelorgraden ved Carleton College i 1880, under John Bates Clark, ein leiande økonom i den framveksande tenkjemåten som no blir kalla nyklassisk økonomilære. Han gjorde sitt «graduate work» ved John Hopkins-universitetet under Charles Sanders Peirce, grunnleggjaren av pragmatistskulen i filosofi, og han fekk etter dette graden Ph.D. i 1884 ved Yale-universitetet, under rettleiing av William Graham Sumner, som stod for laissez-faire i økonomisk politikk. Den kan hende viktigaste intellektuelle innverknaden på Veblen hadde Herbert Spencer. Arbeidet til Spencer i andre halvdelen av 1800-talet skapte ei enorm interesse for det evolusjonære perspektivet på dei menneskelege samfunna.

Frå 1891 til 1892, etter seks år han bruka på omfattande lesing heime på familiegarden, heldt Veblen fram med å studere som graduate-student, no i økonomilære, ved Cornell-universitetet under James Laurence Laughlin.

I 1892 vart han professor ved det nyss opna University of Chicago, samtidig som han gjorde teneste som redaktør for bladet Journal of Political Economy.

I 1906 fekk han ei stilling ved Stanford-universitetet, men fór derifrå, har det vore påstått, på grunn av problem med kvinner. Sjølv om denne myten lever, synest det meir truleg at ryktet hadde følgt han frå University of Chicago, der vanskar med den første og eksentriske kona hans hadde gjort at somme såg han, truleg med urette, som ein som låg under for lauslivnad, noko som vart bruka for å gjere slutt på tilsetjinga hans der. Han vart sedd på som eksentrisk, ein dårleg lærar og ein radikalar.

I 1911 slutta Veblen seg til fakultetet ved University of Missouri-Columbia, der han fekk støtte frå Herbert Davenport, som leidde avdelinga for økonomilære. Veblen var ikkje glad i Columbia, Missouri, men vart verande der til og med året 1918. Det året flytta han til New York for å byrje å arbeide som redaktør i eit magasin kalla The Dial, og så, i 1919, saman med Charles Beard, James Harvey Robinson og John Dewey, var han med å grunnleggje The New School for Social Research (kjend i dag som The New School). Han tok òg del i The Technical Alliance, skapt i 1918-1919 av Howard Scott, ei gruppe som sidan vart til The Tecnocratic Movement. Frå 1919 til 1926 heldt Veblen fram med å skrive og vere med i ulike aktivitetar ved The New School.

I 1927 vende Veblen tilbake til den eigedomen han framleis eigde i Palo Alto, og han døydde der i 1929.

Skrivinga til Veblen[endre | endre wikiteksten]

Veblen utvikla ei evolusjonær økonomilære for det 20. hundreåret basert på dei nye idéane som kom frå antropologi, sosiologi og psykologi. Ulikt nyklassisk økonomilære som voks fram på same tida, skildra Veblen økonomisk åtferd som sosialt heller enn individuelt bestemt, og han såg økonomisk organisering som ein stadig utviklingsprosess. Denne prosessen var driven av menneskelege instinkt som emulasjon (etterlikning), predasjon (rov), fagstoltheit, foreldreinstinkt og meiningslaus nyfikne. Veblen ville at økonomane skulle skjøne verknadene av sosial og kulturell endring på økonomisk endring. I The Theory of the Leisure Class, som mest truleg er det best kjende verket hans, på grunn av det satiriske synet på det amerikanske samfunnet, spelar instinkta emulasjon og predasjon ei hovudrolle. Folk, både rike og fattige, prøver å imponere andre og å stå fram som vinnarar ved det Veblen kalla «conspicuous consumption» (brautande forbruk) og «conspicuous leisure» (brautande fritid). I dette verket seier Veblen at forbruk blir bruka som ein måte å få og vise status på. Gjennom «conspicuous consumption» kom ofte «conspicuous waste» (brautande sløsing), som Veblen avskydde. Mykje av moderne reklame er bygd på det Veblen tala om når det gjeld forbruk.

I The Theory of Business Enterprise, gitt ut i 1904, då amerikansk uro over veksten i forretningskonglomerat og trustar var på sitt høgste, bruka Veblen sin evolusjonære analyse for å forklåre desse nye formene. Han såg dei som ei følgje av veksten i industrielle prosessar i ein kontekst av små firma som hadde vakse fram før for å organisere handverksproduksjon. Dei nye industrielle prosessane tvinga fram integrasjon og gav lukrative sjansar for dei som rådde med dei. Resultatet var, slik Veblen såg det, ein konflikt mellom forretningsmenn og ingeniørar, der dei førstenemnde representerte det gamle og dei sistenemnde nye måtar å gjere ting på. Kombinert med dei tendensane han hadde skildra i The Theory of the Leisure Class, resulterte denne konflikten i sløsing og ein predasjon som auka den sosiale statusen til dei som kunne tene på predatoriske krav på varer og tenester.

Veblen generaliserte konflikten mellom forretningsmenn og ingeniørar ved å seie at det menneskelege samfunnet alltid ville innebere konflikt mellom etablerte interesser og nye former utvikla ut frå ein ibuande menneskeleg tendens til å manipulere og lære av den fysiske verda vi eksisterer i. Han generaliserte også modellen sin til å inkludere sin eigen teori om instinkta, utviklingsprosessar som han absorberte frå Sumner, forsterka av ved eiga lesing av evolusjonsvitskap, og pragmatisk filosofi først lært av Peirce. Instinktet meiningslaus nyfikne leidde menneska til å manipulere naturen på nye måtar, og dette førte til endringar i det han kalla dei materielle livsmidlane. Fordi idéane våre om verda er ein menneskeleg konstruksjon heller enn ei spegling av røynda, fører endra måtar å manipulere naturen til endra tankekonstruksjonar og endra idéar om sanning og autoritet, i tillegg til endra åtferdsmønster (institusjonar). Samfunn og økonomiar utviklar seg som følgje av dette, men dei gjer det via ein prosess med konflikt mellom etablerte interesser og eldre former på den eine sida, og det nye på den andre. Veblen skreiv aldri rett ut at det nye var betre enn det gamle, men han var i dei tre siste tiåra av livet sitt sikker på at amerikansk økonomi utan desse etablerte interessene kunne produsert meir for fleire menneske. I åra etter første verdskrigen såg han til ingeniørane for å gjere amerikansk økonomi meir effektiv.

Attåt The Theory of the Leisure Class og The Theory of Business Enterprise har òg Imperial Germany and the Industrial Revolution og essay som Why Is Economics Not an Evolutionary Science og The Place of Science in Modern Society halde fram med å ha innverknad.

Veblen sin intellektuelle arv[endre | endre wikiteksten]

Trass i vanskar med somtid arkaisk språk, mykje på grunn av Veblen sine kampar med terminologien når det gjaldt unilineær evolusjon og biologisk determinasjon av sosial variasjon, som framleis dominerte tenkinga om samfunnet da han byrja å skrive, er Veblen sitt arbeid framleis relevant, og ikkje berre på grunn av uttrykket «conspicuous consumption». Hans evolusjonære tilnærming til studiet av økonomiske system er no atter på moten, og hans modell med tilbakevendande konflikt mellom den eksisterande ordenen og nye metodar kan vere av stor verdi for å forstå den nye globale økonomien. Mellom dei som har vorte kalla etterfølgjarar av Veblen er blant andre, C. Wright Mills , John Kenneth Galbraith og Gunnar Myrdal.

Som sagt er Veblen sedd på som ein av grunnleggjarane (saman med John R. Commons, Wesley C. Mitchell og andre) av den amerikanske skulen for institusjonell økonomilære. Dei som i dag er tilhengarar av denne skulen er organiserte i The Association for Evolutionary Economics (AFEE) og The Association for Institutional Economics (AFIT). AFEE deler ut ein årleg Veblen-Commons-pris for arbeid med institusjonell økonomilære, og dei gir ut Journal of Economic Issues. Blant uavhengige tilhengarar finn ein teoretikarar rundt konseptet «differential accumulation» (differensiell akkumulasjon). Sjå kapittel 2, «Capital as Power» i The Global Political Economy of Israel av Jonathan Nitzan og Shimshon Bichler. Dei som driv med teknokratiteori meiner seg òg å stå i Veblen sin tradisjon, og arbeidet hans er ofte omhandla i verk om amerikansk litteratur. Thorstein Veblen er med i verket The Big Money av John Dos Passos.

Viktige verk av Veblen[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bartley, Russel H. 1997. «In Search of Thorstein Veblen: Further Inquiries into His Life and Work.» International Journal of Politics, Culture, and Society 11 (januar) s. 129-173.
  • Dorfman, Joseph. 1934. Thorstein Veblen and His America. Harvard University Press. ISBN 0-678-00007-7
  • Dugger, William M. 2006. «Veblen's Radical Theory of Social Evolution.» Journal of Economic Issues 40 (september) s. 651-672.
  • Eff, E. Anthon. 1989. «History of Thought as Ceremonial Genealogy: The Neglected Influence of Herbert Spencer on Thorstein Veblen.» Journal of Economic Issues 23 (september) s. 689-716.
  • Hodgson, G. «On the Evolution of Thorstein Veblen's Evolutionary Economics» i Cambridge Journal of Economics. 22(4) s. 415-431.
  • Jorgensen, Elizabeth Watkins and Henry Irvin Jorgensen. 1999, Thorstein Veblen: Victorian Firebrand, M.E. Sharpe. ISBN 0-7656-0258-X
  • Knoedler, Janet T. 1997. «Veblen and Technical Efficiency.» Journal of Economic Issues. 31.
  • McCormick, Ken. 2006. «Veblen in Plain English» Cambria Press. ISBN 0-9773567-6-0
  • Tilman, Rick. 1992. Thorstein Veblen and His Critics, 1891-1963. Princeton University Press. ISBN 0-691-04286-1
  • Tilman, Rick. 1996. The Intellectual Legacy of Thorstein Veblen: Unresolved Issues.Greenwood Press. ISBN 0-313-29946-3