Erling Jevne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erling Jevne
Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. mars 1966 (57 år)
Lillehammer kommune
Idrett langrenn
Tok del i

langrenn under Vinter-OL 1992, Ski-VM 1993, langrenn under Vinter-OL 1994, Ski-VM 1995, 1996 Vasaloppet, Ski-VM 1997, cross-country skiing at the 1998 Winter Olympics, Ski-VM 1999, Ski-VM 2001, cross-country skiing at the 2002 Winter Olympics

Erling Jevne (fødd 24. mars 1966) er ein norsk tidlegare langrennar frå Øyer i Oppland. Frå 1987 til 2002 tevla han på høgt nivå, han la opp i 2006. Han var klart best i klassisk langrenn og hadde i fleire år fast plass på Noregs stafettlag i verdscup og internasjonale meisterskap. Jevne var med å vinne 4 x 10 km stafett i verdsmeisterskapen både i 1995 og i 1997, i 1998 vart han olympisk meister i same øvinga.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Jevnes største individuelle prestasjonar var to sølvmedaljar, ei på 50 km under Ski-VM 1997 i Trondheim, den andre på 30 km under dei olympiske leikane året etter. Tre gongar gjekk han til topps i verdscuprenn (1996, 2000, 2001/02). I alt kom han tolv gongar på pallen i verdscupen (3-6-3).

Jevne vart noregsmeister tre gongar, alle gongane (1992, 1994, 1996) på femmila. Han var ein såkalla milslukar, alle dei åtte NM-medaljane vann han på renn over 30 km og 50 km. Jevne var medlem av Øyer IF.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1987: Nr 5 på 50 km i Holmenkollen
  • 1991: Nr 11 på 50 km i Holmenkollen
  • 1992: Nr 5 på 30 km i OL i Albertville, nr 4 på 50 km i Holmenkollen
  • 1993: Nr 7 på 30 km i VM i Falun, nr 4 på 50 km i Holmenkollen
  • 1994: Nr 5 på 50 km i OL på Lillehammer
  • 1995: Gull på stafetten, nr 6 på 10 km og nr 7 på femmila under VM i Thunder Bay
  • 1996: Vinnar av 50 km i verdscupen i Holmenkollen
  • 1997: Gull på stafetten, sølv på 50 km og nr 7 på 10 km under VM i Trondheim
  • 1998: Gull på stafetten, sølv på 30 km og nr 7 på 10 km under OL i Nagano
  • 1999: Sølv på VM-stafetten, samt nr 2 på 15 km i verdscupen i Nove Mesto
  • 2000: Vinnar av 10 km i verdscupen i Bormio
  • 2001: Nr 4 på 30 km i verdsmeisterskapen i Lahti
  • 2001/02: Vinnar av 15 km i verdscupen i Davos. Nr 6 på 15 km under OL i Salt Lake City

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]