Tommy Ingebrigtsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tommy Ingebrigtsen
Tommy Ingebrigtsen Zakopane 2005.jpg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. august 1977
Trondheim
Idrett skihopping
Yrke skihoppar, musikar, gitarist

Tommy Ingebrigtsen (fødd 8. august 1977) er ein norsk tidlegare skihoppar som representerte Byåsen Idrettslag. Han vart verdsmeister i storbakken i Thunder Bay i mars 1995, då han var berre 17 år gammal; éin månad etter han hadde vorte juniorverdsmeister i Gällivare. For VM-sigeren i Thunder Bay vart han tildelt Morgenbladets Gullmedalje 1995. Sidan tok han i 2003 VM-sølv i normalbakken og var med å vinne to VM-gull i laghopp i skiflyging, 2004 og 2006, samt to bronsar i laghopping, fyrst i ski-VM 2003 og så under Vinter-OL 2006. Noregsmeister vart han fyrst i 2003, då vann han attpå både i normalbakken og i storbakken. Elles har han to NM-sølv frå storbakkerenna 1999 og 2006. Dag Ingebrigtsen er far hans.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Ingebrigtsen var heilt ukjend for det store publikum, før han på tampen av 1995-sesongen viste framifrå skihopping. Etter han hoppa til siger i hopprennet under junior-VM i februar, heldt framgangen fram og han fekk plass i troppa til verdsmeisterskapen i kanadiske Thunder Bay. Meisterskapen vart avvikla seint den sesongen, fyrst 18. mars var det klart for tevlinga i storbakken. To utøvarar, austerrikaren Andreas Goldberger og Tommy Ingebrigtsen, stod i ei eiga klassa. Ingebrigtsen lukkast vinne gullmedaljen, 3,1 poeng framom Goldberger, men meir 40 poeng føre bronsevinnaren, tyske Jens Weissflog.

Dei neste tre sesongane klarte ikkje Ingebrigtsen å hevde seg mot verdseliten, ei heller overfor dei beste norske hopparane. I 1999 lukkast han verte tredjemann i eit verdscuprenn i Zakopane, og han vann si fyrste NM-medalje, einast Roar Ljøkelsøy hoppa lengre. Året etter vart Ingebrigtsen nummer to i kanadiske Iron Mountain og nummer tre i eit anna verdscuprenn. Også ved skiflygingsrenna i Planica i mars 2001 tok han ein tredjeplass.

Vinteren 2003 viste Ingebrigtsen glimtvis gammal toppform. På Lillehammer lukkast han vinne begge NM-tevlingane, dei to triumfane vart hans einaste i noregsmeisterskap. Under Ski-VM 2003 i Val di Fiemme tok han sølvmedaljen i normalbakken, 16 poeng bak Weisfflog, og han fjerdemann i storbakken. Elles i meisterskapen bidrog han mykje til at Noregs mannskap, som vidare bestod av Lars Bystøl, Sigurd Pettersen og Bjørn Einar Romøren, sikra seg bronse i laghoppinga. Vinteren 2004 fekk Ingebrigtsen plass på det norske laget som, mykje takk vere framifrå hopping av Roar Ljøkelsøy, vann lagtevlinga under VM i skiflyging i Planica, Pettersen og Romøren høyrde også med i gullfiraren. To år seinare forsvarte tre av dei fire hopparane VM-tittelen for Noreg, Lars Bystøl kom med i Kulm i staden for Pettersen. Dei same fire karane, Romøren, Bystøl, Ingebrigtsen, Ljøkelsøy, tok bronse i laghoppinga under Vinter-OL 2006.

Ingebrigtsen la opp etter ein svak 2007-sesong.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1995: Gullmedalje i storbakken i Thunder Bay
  • 2003: Sølvmedalje i normalbakken og bronse frå laghopp i storbakke i Val di Fiemme
  • 2004: Gullmedalje i laghopp i skiflyging i Planica
  • 2006: Gullmedalje i laghopp i skiflyging i Kulm
  • 2006: Bronsemedalje i laghopp i storbakken under Vinter-OL i Torino

Besteplasseringar i internasjonale renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1993/94: Nr 8 i Courchevel
  • 1995: Nr 41 i begge verdscuprenna han deltok i
  • 1995/96: Nr 8 i Planica
  • 1997: Nr 7 i Tauplitz (skiflyging)
  • 1997/98: Nr 12 Lillehammer
  • 1999: Nr 3 i Zakopane
  • 2000: Ein andreplass i Iron Mountain og ein tredjeplass
  • 2001: Nr 3 i Planica (skiflyging)
  • 2001/02: Nr 8 i Titisee-Neustadt
  • 2003: Nr 4 i Lahti
  • 2004: Nr 3 i Park City
  • 2005: Nr 6 i Planica (skiflyging)
  • 2006: Nr 4 i Planica (skiflyging)

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1997: Nr 6 i storbakken på Lillehammer
  • 1999: Sølvmedalje i storbakken på Rena
  • 2000: Nr 12 i normalbakken på Vang
  • 2001: Nr 5 i storbakken i Trondheim
  • 2003: Gullmedalje både i normalbakken og i storbakken, begge renna på Lillehammer
  • 2004: Nr 5 både i normalbakken på Bardufoss og storbakken i Oslo
  • 2005: Nr 7 i storbakken på Lillehammer
  • 2006: Sølvmedalje i storbakken i Oslo

Kjelder[endre | endre wikiteksten]