Fred Børre Lundberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fred Børre Lundberg
Fred Børre Lundberg at Fiemme 1991.jpg
Fødd 25. desember 1969
Hammerfest

Fred Børre Lundberg (fødd 25. desember 1969) er ein norsk tidlegare kombinertrennar. Lundberg dominerte kombinertsporten i fyrste halvpart av 1990-åra. Han vart verdsmeister i 1991 og 1995 og vann olympisk gull på Lillehammer i 1994. Lundberg var dessutan med på å vinne tre gullmedaljar og fire sølvmedaljar for norske lag i verdsmeisterskapar og olympiske leikar i tida frå 1991 til 1999. Han vann verdscupen i nordisk kombinert i 1991, og var mellom dei tre beste i verda dei neste tre sesongane. Lundberg vann fem NM-gull, det siste i halvprogrammet, og fekk to bronsemedaljar i NM, den eine av desse i skihopping.

Lundberg var fødd i Hammerfest og oppvaksen i Bardu.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Lundberg vart i januar 1990 nummer to i eit verdscuprenn i kombinert i Murau, berre slått av Klaus Sulzenbacher frå Austerrike. Vel tre veker seinare noterte Lundberg seg for sin fyrste siger i verdscupen då han gjekk til topps i ei tevling ved Leningrad, framom landsmannen Knut Tore Apeland. Fram til sin siste siger i verdscupen, i januar 1996, vann Lundberg åtte nye verdscuprenn. Han oppnådde i alt 29 pallplasseringar i verdscupen, den siste i Falun i mars 1998. Han vann verdscupen i kombinert i 1991, kom på tredjeplass i 1992 og 1994, og på andreplass i 1993.

Lundberg vann sin fyrste VM-tittel i kombinert i Val di Fiemme i 1991. Året etter vart han nummer fire i den olympiske tevlinga i Albertville, der han vann seg eit OL-sølv i lagtevlinga saman med Knut Tore Apeland og Trond Einar Elden. Året etter vart det ein ny sølvmedalje på dei same tre karane i verdsmeisterskapen i Falun, begge gongane gjekk gullet til Japan. Lundberg vart ikkje utteken til den individuelle tevlinga i VM.

På Lillehammer i 1994 gjekk Lundberg i mål som olympisk meister i den individuelle øvinga, framom Takanori Kōno frå Japan og bronsemannen Bjarte Engen Vik. I Ski-VM 1995 i Thunder Bay sigra Lundberg i den individuelle øvinga og fekk sølv i lagtevlinga. I lagtevlinga var det no snakk om eit firemannslag, og dei tre kombinertrennarane som tidlegare hadde vunne sølvmedaljar i lag, hadde fått med seg fyrstetappeløparen Halldor Skard. To år seinare vart dei same fire; Skard, Vik, Apeland og Lundberg, verdsmeistrar for lag under ski-VM 1997 i Trondheim.

Året etter, i 1998, vart Lundberg og Noreg olympiske meistrar for lag, etter å ha vist Finland til sølvplassen. Lundberg gjekk sisteetappen, føre han gjekk Skard, Kenneth Braaten og Vik.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1990: Nr 4 på Gjøvik
  • 1991: Gullmedalje i Misvær
  • 1992: Nr 5 i Trondheim
  • 1993: Gullmedalje i kombinert og fjerdeplass i normalbakken i skihopping, begge på Lillehammer
  • 1994: Gullmedalje i kombinert og bronsemedalje i normalbakken i skihopping, begge i Vegårshei
  • 1995: Gullmedalje i kombinert i Oslo
  • 1996: Nr 5 i Stryn
  • 1997: Bronsemedalje i Mo i Rana
  • 1999: Nr 4 på Raufoss
  • 2000: Gullmedalje i kombinert (halvprogram) på Vang

Verdscupsigrar[endre | endre wikiteksten]

# Dato Land Stad
1 10. februar 1990 Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen Leningrad
2 15. desember 1990 Flag of Norway.svg Noreg Trondheim
3 5. januar 1991 Flag of Germany.svg Tyskland Schonach
4 8. januar 1993 Flag of Germany.svg Tyskland Schonach
5 4. mars 1994 Flag of Finland.svg Finland Vuokatti
6 12. mars 1994 Flag of Japan.svg Japan Sapporo
7 10. desember 1994 Flag of Slovakia.svg Slovakia Štrbské Pleso
8 7. januar 1995 Flag of Germany.svg Tyskland Schonach
9 6. januar 1996 Flag of Germany.svg Tyskland Schonach

I 1998 vart Lundberg tildelt Holmenkollmedaljen, samstundes med Larisa Lazutina, Harri Kirvesniemi og Aleksej Prokurorov.

Lundberg la opp i 2000.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]