Tiger Feet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tiger Feet
Singel av Mud
frå albumet Mud Rock
B-side

Mr Bagatelle

Utgjeve 11. januar 1974[1]
Innspelt 1973
Sjanger Glamrock
Lengd 3:45
Selskap RAK[1]
Låtskrivar(ar) Mike Chapman, Nicky Chinn[1]
Produsent Mike Chapman, Nicky Chinn[1]
Mud-kronologi
«Dyna-Mite»
(1973)
Tiger Feet «The Cat Crept In»
(1974)


Tiger Feet er ein popsong av det engelske glamrockbandet Mud, gjeven ut i januar 1974.[2] Songen vart skriven og produsert av Mike Chapman og Nicky Chinn, og var den første av tre førsteplassar for bandet på UK Singles Chart.[3] Han vart etterfølgd same året av «Oh Boy!» og «Lonely This Christmas».

Bandet spelte songen på Top of the Pops ikledd tigertøflar.[4][5]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

«Tiger Feet» vart ein stor suksess og gjekk til topps på singellistene i Storbritannia og Irland for fire veker, frå 26. januar til 16. februar, i 1974[3] og toppa òg listene i Nederland. Han selde over 700 000 eksemplar i Storbritannia aleine og over ein million globalt. Det vart den bestseljande singelen i Storbritannia det året.[2]

Liste (1974) Plassering
Australia (Kent Music Report)[6] 43
Belgia 1
Irland 1
Nederland 1
Storbritannia 1
Sveits 5
Austerrike 6
Tyskland 6
Noreg 10

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Mud - Tiger Feet (Vinyl) at Discogs». Discogs.com. Henta 18. mars 2022. 
  2. 2,0 2,1 «MUD Discography - the singles». Mudrock.org.uk. Henta 17. mars 2022. 
  3. 3,0 3,1 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 296–7. ISBN 1-904994-10-5. 
  4. James McCarraher (2012). 101 Songs To Discover From The Seventies. s. 138. ISBN 978-1-4478-6266-6. 
  5. Ian Gittins (2007). Top of the Pops: Mishaps, Miming, and Music - True Adventures of TV's No. 1 Pop Show. BBC Books. s. 25. ISBN 978-1-84607-327-4. 
  6. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 211. ISBN 0-646-11917-6.