Tiril Eckhoff
Tiril Eckhoff | |
![]() | |
Fødd | 21. mai 1990 (30 år) Bærum |
Yrke | skiskyttar |
Tiril Eckhoff på Commons |
Tiril Kampenhaug Eckhoff (fødd 21. mai 1990) er ein norsk skiskyttar som vart olympisk meister med Noreg på mix-stafetten under vinter-OL 2014 i Sotsji. Ho er medlem av Fossum Idrettsforening. Skiskyttarar har vore, Stian Eckhoff og Kaja Eckhoff, er hennar eldre sysken.
Eckhoff fekk sitt internasjonale gjennombrot i Annecy i januar 2014, der ho kom på tredjeplass i eit vederscuprenn. Under vinter-OL i februar månad i Sotsji gjekk ho ein god etappe for det norske laget på mixstafetten, ei tevling der ho saman med Tora Berger, Ole Einar Bjørndalen og Emil Hegle Svendsen kapra OL-gull. Seinare i vinterleikane i Sotsji tok Eckhoff bronsemedaljen på fellesstarten. På kvinnestafetten gjekk Eckhoff tredjeetappen for Noreg, og fekk ein ny OL-bronse.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Tiril Eckhoff» frå Wikipedia på tysk, den 5. mars 2014.