Tjøtta internasjonale krigskyrkjegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 65°50′44.9″N 12°23′36.9″E

Bautaen på Krigskyrkjegarden på Tjøtta.
Foto: Finn Bjørklid

Tjøtta internasjonale krigskyrkjegard, også kalla for «Russerkyrkjegarden», er ein krigskyrkjegard som ligg på Nordøya på Tjøtta.

Etter andre verdskrigen vart alle sovjetiske krigsfangar som døydde i Nord-Noreg samla og gravlagde på kyrkjegarden. Ved sida av den russiske krigskyrkjegarden ligg gravene til dei døde frå fange- og troppetransportskipet MS «Rigel».

Under krigen vart alle sovjetiske krigsfangar som døydde gravlagde på vanlege kyrkjegardar Etter krigen vart det bestemt at alle skulle flyttast og samlast på ein felles kyrkjegard på statens grunn på Tjøtta. Dette for betre å kunne ha oppsyn med personar frå Sovjetunionen – som ynskte å besøke gravene. Kyrkjegarden vart innvia 8. juli. 1953. I ei inngjerda fellesgrav mot nord ligg 6 725 døde. Mot sør er det 826 enkeltgraver. Alle gravene er utan namn, men ein bauta med stjerne i relieff er reist på plassen.

Fangeskipet «Rigel» var på tur sørover då britiske fly bombat det27. november 1944. I Narvik og Bodø hadde skipet teke om bord 2248 russiske krigsfangar, 103 tyske fangar og nokre serbarar, tsjekkarar og nordmenn. Det var og nokre hundre mann tysk eskorte og norsk bemanning, slik at ein reknar med at det var 2838 menneske om bord i transportskipet. Av disse døydde 2457. Dette vert rekna som det tredje største skipsforliset i verda.

Norske krigskyrkjegardar vert forvalta av Krigsgravtjenesten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Fjermeros, Halvor (2013): Med lik i lasten; historien om operasjon asfalt, ISBN 82 430 0755 5
  • Soleim, Marianne Neerland (2004): Sovjetiske krigsfanger i Norge 1941-1945 - antall, organisering, repatriering. Doktoravhandling. Institutt for historie. Universitetet i Tromsø. Spartacus forlag, ISBN 9788230400432
  • Ericsson, Kjersti (2009): «Når dialogen brytes» i: Tidsskrift for Norsk Psykologforening, Vol 46, nummer 1, s. 81-85

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]