Tjøtta kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tjøtta kyrkje
kyrkje
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Sør-Hålogaland
Prosti Nord-Helgeland
Sokn Tjøtta
Fellesråd Alstahaug
Stad Tjøtta
Arkitekt Christian Heinrich Grosch
Teknikk mur
Material stein
Innvigd 1851
Kyrkjegard ved kyrkja
Kart
Tjøtta kyrkje
65°49′38″N 12°25′25″E / 65.8271°N 12.4235°E / 65.8271; 12.4235
Wikimedia Commons: Tjøtta kirke

Tjøtta kyrkje er ei kyrkje bygd ved garden Tjøtta, senteret for Tjøttagodset, på øya Tjøtta i Alstahaug kommune. Kyrkja høyrer til Tjøtta sokn i Nord-Helgeland prosti.

Den opphavlege kyrkja vart truleg bygd før år 1000, sidan den regjerande vikingehøvdingen Hårek frå Tjøtta let seg døype i ei lokal kyrkje i år 999. Kyrkja var då ei privat kyrkje for Tjøttagodset, og hadde gravkammer for eigarane. Den andre kyrkja, «mellomalderkyrkja», var òg i stein, men brann i 1811 og 1843 og vart då riven.

Den noverande utgåva vart oppført i 1851 etter teikningar av arkitekt Christian Heinrich Grosch og er i naturstein, utforma som ei langkyrkje med plass til 310. Stein frå kyrkja som brann vart nytta i nybygget.[1] Ho er utstyrt med sakristi og inngang som utbygg, eit tårn som delvis spring ut frå eine kortveggen og vindauge med spisse bogar.

Ved bygginga i 1851 vart det funne store lag av rundtømmer under kyrkja. Dette kan vere spor av ei tidlegare trekyrkje eller moglegvis byggverk i tilknyting til eit hòv.

Ei byste av Øyvind Skaldespiller er sett opp ved kyrkja.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. I. Hage 2001

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Tjøtta kirke i Arkitekturguide for Nord-Norge og Svalbard
  • Ingebjørg Hage: Grosch-kirker i Nord-Norge. i Årbok 2001 Fortidsminneforeningen

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]