Husby kapell
| Husby kapell | |||
| kapell | |||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
|---|---|---|---|
| Bispedøme | Sør-Hålogaland | ||
| Prosti | Nord-Helgeland | ||
| Sokn | Nesna | ||
| Fellesråd | Nesna | ||
| Material | tre | ||
| Innvigd | 2. juni 1905 | ||
| Sitjeplassar | 100 | ||
| Diverse | privat bygd, under garden Husby | ||
![]() Husby kapell 66°13′30″N 12°45′49″E / 66.225°N 12.7636°E | |||
| Wikimedia Commons: Husby kapell | |||
Husby kapell er ei langkyrkje frå 1905 i Nesna kommune og sokn i Nord-Helgeland prosti. Kapellet er bygd som eit privat kapell på den gamle storgarden Husby på Tomma, ein gong senter for eit jordegods på Helgeland.
Kyrkja er bygd i tre og skal ha 100 plassar.
Ved kongeleg resolusjon 16. januar 1905 vart det tillate å vigsle eit bedehus oppført på Husby, den gongen i Dønnes sokn, til kyrkjelege handlingar. Husby kapell skulle ha minst 4 gudstenester for året, og kapellet fekk eige kyrkjetilsyn. Uklare retningslinjer for den kyrkjelege bruken av det private kapellet gjorde av biskopen i Sør-Hålogaland stengde kapellet som gudstenestestad på slutten av 1980-talet. Sidan var det i fleire år berre brukt til gravferder, og nokre få andre kyrkjelege handlingar etter særleg løyve frå biskopen. I 2005 vart kapellet igjen teke i bruk som fast gudstenestestad for kyrkjelyden på Tomma. Det er forordna seks årlege gudstenester i kapellet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Fotografi frå vigslingdagen
- Husby kapell i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
