Nesna kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 66°12′2″N 13°1′32″E

Nesna kyrkje
Nesna kirke
Church of Nesna 05.jpg
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Sør-Hålogaland
Prosti Nord-Helgeland
Sokn Nesna
Fellesråd Nesna
Arkitekt Niels Stockfleth Darre Eckhoff
Material tre
Innvigd 1880
Kyrkjegard ved kyrkja
Sitjeplassar 550 (800 med galleri)
Wikimedia Commons: Nesna kirke

Nesna kyrkje er ei krosskyrkje frå 1880 i Nesna kommune og sokn i Nord-Helgeland prosti. Kyrkja vart bygd i 1879, og vigsla 17. september 1880.

Kyrkja er bygd i tre, i nygotisk stil. Det vart tidlegare rekna 800 plassar, men etter at ei benkerad er fjerna og galleria er stengde for publikum grunna manglande rømmingsvegar, reknar ein no at ho rommar 550.

Tidlegare kyrkjebygg på Nesna[endre | endre wikiteksten]

Vi veit at denne kyrkja er det tredje kyrkjebygget på denne staden sidan 1500-talet. Det har sannsynlegvis vore to kyrkjebygg også før 1500-talet, men dette er usikkert.

Frå kyrkjebygget som var på 1500-talet finnast det i dag eit alterskap frå 1400-talet, det er på historisk museum i Bergen. Det inneheld tre utskorne trefigurar, som ein tolkar vere sankt Andreas, pave Gregorius og Olav den heilage. Når dette alterskapet vart fjerna frå kyrkja er ikkje kjend, og det har nok òg ei tid etter reformasjonen ikkje vore i bruk. Det nemnast ikkje i ei grundig skildring av kyrkja frå 1666, men er på plass og vart skildra av biskop Nannestad i 1758.

Ved same høve gjev biskopen ei lite smigrande skildring av sjølve kyrkjebygget. Han skriv:

Her findes den slettest og mest fordærvede kirkebygning i Trondhjems stift.

I 1767 vart det oppført ei ny kyrkje på Nesna. ei krosskyrkje som var noko mindre enn dagens kyrkje. Ho vart vigla av biskop Gunnerus. Til den nye kyrkja vart det laga ein ny altertavle. Midtfeltet, måla av den såkalla «Kjæfjordmålaren», er ei framstilling av krossfestinga. Over den er ei framstilling av oppstandinga og under eit bilete av Jesu siste måltid med læresveinane. På sidevangene har Paul Kolset måla Moses og Aron. Kyrkja omtalast under ein visitas i 1845 som «både lys og rummelig». At ho vart skifta ut etter berre litt over hundre år handla nok om at bygdefolket ønska ei større kyrkje, i samband med folkeauke og økonomiske oppgangstider knytt til storsildfisket.

Eksteriørbilete[endre | endre wikiteksten]

Interiørbilete[endre | endre wikiteksten]

Interiør sett frå prekestolen Foto: Gunnar Misund
Interiør sett frå prekestolen

Foto: Gunnar Misund

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Peder A. Hansteen (1980): Nesna kirkes historie, hefte lokalt utgjeve ved 100-årsjubileet

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]