Together av Country Joe and the Fish

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Together av Country Joe and the Fish
Studioalbum av Country Joe and the Fish
Utgjeve August 1968
Innspelt November 1967 og februar 1968
Studio Sierra Sound Laboratories, Berkeley i California
Vanguard Studios, 71 West 23rd Street i New York City
Sjanger
Lengd 34:31
Selskap Vanguard VSD-79277
Produsent Samuel Charters
Country Joe and the Fish-kronologi
I-Feel-Like-I'm-Fixin'-to-Die
(1967)
Together av Country Joe and the Fish Here We Are Again
(1969)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[1]

Together er det tredje studioalbumet av det psykedeliske rockebandet Country Joe and the Fish frå San Francisco, gjeven ut i 1968. Før innspelinga hadde Country Joe McDonald for ei kort stund slutta i bandet, så bandet vart ei stund dei berre omtalt som «The Fish». McDonald kom attende i tide for innspelinga så namneendringa var relativ kort. Sjølv om det ikkje var rekna som det sterkaste arbeidet deira, særleg sidan McDonald ikkje var til stades som den viktigaste låtskrivaren, vart Together likevel det mestseljande albumet deira.[2]

Melton og «Chicken» Hirsh tok rolla som dei fremste låtskrivarane og skapte forskjellige songar innan forskjellige stilar. Albumet byrjar med ein hyllest til James Brown med songen «Rock and Soul Music». Frå der held bandet fram å utvikle den psykedeliske musikken sin.[3] Bandet var framleis mot Vietnamkrigen som songen «Untitled Protest» indikerer. Orgelet spelt på denne songen vart kalla «Death Mantra» av McDonald. Med suksessen til albumet la bandet ut på ein nasjonal turné, som òg vart rekna som ein suksess, dels på grunn av lysshowet deira.[4]

Country Joe var ikkje med på innspelinga av spor to og fem, der det vart nytta studiomusikarar. Dette er ei byrjing på fleire endringar i bandet for dei neste to albuma. Barthol slutta månaden etter og Cohen og Hirsh slutta i januar 1969.[3]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Rock and Soul Music»  McDonald, Melton, Cohen, Barthol, Hirsh 6:51
2. «Susan»  Hirsh 3:28
3. «Mojo Navigator»  Denson, Melton, McDonald 2:23
4. «Bright Suburban Mr. & Mrs. Clean Machine»  Hirsh, Melton 2:19
5. «Good Guys/Bad Guys Cheer / The Streets of Your Town»  Melton 3:43
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
6. «The Fish Moan»    0:27
7. «The Harlem Song»  McDonald 4:19
8. «Waltzing in the Moonlight»  Hirsh, Melton 2:13
9. «Away Bounce My Bubbles»  Hirsh 2:25
10. «Cetacean»  Barthol 3:38
11. «An Untitled Protest»  McDonald 2:45

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Country Joe and the Fish

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Billboard 200 - 23. plassen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.allmusic.com/artist/together-mw0000616364 på Allmusic]
  2. William Ruhlmamn. «Together - Review». allmusic.com. Henta 9. juni 2019. 
  3. 3,0 3,1 «Together - Vinyl». acerecords.co.uk. 
  4. Mal:Cite we'b