Tom Harald Jenssen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tom Harald Jenssen
Fødd 27. august 1953
Yrke forleggjar

Tom Harald Eklund Jenssen (fødd 27. august 1953) er ein norsk siviløkonom og forlagsmann. Han har vore administrerande direktør i forlaget N.W. Damm & Søn AS sidan 1990. Han er òg konserndirektør i Egmont med ansvar for Egmonts Bokdivisjon, som omfattar store forlag i Sverige og Danmark og verksemder i fleire land.

Tom Harald Jenssen kom til Damm då mediegiganten Gutenberghus, seinare Egmont, som hadde kjøpt populærforlaget Damm i 1984, i 1988 òg kjøpte det det mindre Teknologisk Forlag. Jenssen hadde i 1984 overteke leiarjobben i Teknologisk forlag etter faren Rudolf Jenssen, som grunnla forlaget. I 1999 kjøpte Jenssen opp det vesle forlaget Ex libris saman med dei norske utgjevarrettane til Harry Potter-bøkene. Nokre år seinare passerte Damm Cappelen forlag i omsetnad og vart Noregs tredje dei største forlaga etter Aschehoug og Gyldendal. I 2006 kjøpte Jenssen og Damm bokhandlarkjeda Tanum frå Anne Carine Tanum.

Jenssen blir toppleiar for det nye forlaget Cappelen Damm som er ei samanslåing av dei tradisjonsrike forlaga Cappelen og Damm.

Jenssen er gift med forfattaren Gudny Hagen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]