Tom Jacobsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tom Jacobsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. mars 1954 (70 år)
Noreg
Yrke fotballspelar, fotballtrenar

Tom Jacobsen (fødd 17. mars 1954) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Hamar. Han spelte 16 landslagskampar i tida 1971-82. Pål Jacobsen er bror hans.

Tom Jacobsen spelte på midtbana til Hamarkameratene frå 1971 til 1978. Allereie i sin debutsesong debuterte han på det norske landslaget hausten 1971, og deltok i fire landskampar som 17-åring. Deretter forsvann han ut av landslagsdiskusjonen i fem år. Både i 1977- og 1978-sesongen fekk han fleire kampar med landslagstrøya. Den einaste sigeren han opplevde i landslagsdrakta kom då Noreg vann 2-1 over Sverige i ein VM-kvalifiseringskamp 5. september 1977.

Etter å ha vore med på å spele Hamarkameratene opp i 1. divisjon i 1978, var Jacobsen Vålerenga-spelar dei fire neste åra; 1979-82. Med Oslo-klubben vann han NM-pokal i 1980 og vart seriemeister året etter. Han spelte på Hamarkameratene i 1983-sesongen, men la så bort fotballskoa grunna vedvarande skadeplager.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Noregsmeister: 1980 med Vålerengen IF
  • Seriemeister: 1981 med Vålerengen IF