Tommy Mars

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tommy Mars
Fødd26. oktober 1951 (72 år)
FødestadWaterbury
OpphavUSA
Aktiv1977–
Instrumentpiano
Verka sommusikar, pianist

Tommy Mars (fødd 26. oktober 1951 som Tommy Mariano)[1] er ein amerikansk klaverspelar som spelte med Frank Zappa.

Mars tok pianotimar frå han var åtte år gammal og spelte seinare ei rekkje klaverinstrument og synthesizerar. Mars gjekk ut frå Hartt College of Music i 1972 i West Hartford i Connecticut. Frå den tid sleit han med forskjellige jobbar som kormeister, kyrkjeorganist, filmkomponist og anna. I eit intervju i 1980 i Keyboard Magazine, skildra Mars ein av dei meir uvanlege jobbane som dette - «Eg arbeidde i ein roterande orgelbar i Kodiak i Alaska, med japanske og russiske fiskarar som sparka til meg om eg ikkje kunne spele ein etniske folkesong dei ville høyre.»

Han kjende ikkje til Zappa i det heile, utanom songane «King Kong» og «Peaches en Regalia», og vart beden om å prøvespele for bandet til Zappa med hjelp av perkusjonisten Ed Mann, som òg var medlem av gruppa til Zappa. Frå 1977 til 1982 var han ein del av turnébandet til Zappa og spelte i filmen Baby Snakes, og på fleire Zappa-album.

Etter å ha arbeidd med Zappa, turnerte Mars med Steve Vai og Stuart Hamm, og arbeidde i mellomtida som lærar. I midten av 1990-åra danna Mars The Band From Utopia, ei gruppe som bestod av 10 tidlegare Zappa-medlemmar, som spelte musikken til Zappa.

I 2007 vart Strange News From Mars presentert som ein jazzhybrid med Jon Larsen, Bruce Fowler, Jimmy Carl Black, Arthur Barrow, og andre tidlegare Zappa-medlemmar. I 2008 spelte Tommy Mars på The Jimmy Carl Black Story, i lag med den originale Mothers Of Invention-trommeslagaren Jimmy Carl Black.

Våren 2009 kom No Forest Fire, som vart spelt inn i 2005 med The Band From Utopia-medlemmane Bruce Fowler, Walt Fowler, Kurt McGettrick, Larry Klimas (ikkje frå TBFU), Arthur Barrow og Vinnie Colaiuta.

I 2010 spelte Tommy Mars inn den surrealistiske lydboka Willie Nickerson's Egg, skriven av Jon Larsen, og som kom ut i 2011.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Frank Zappa has had such a varied career». Contemporary Keyboard. 1980. Henta 11. juni 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]