Jimmy Carl Black

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jimmy Carl Black
Jimmy-Carl-Black.jpg
Jimmy Carl Black på scenen med Muffin Men 12. august 2005, Cropredy Festival
Verkeleg namn James Inkanish, Jr.
Alias Indian Ink
Fødd 1. februar 1938
El Paso i Texas i USA
Død

1. november 2008 (70 år)
Siegsdorf i Tyskland

Instrument

Vokalist, trommer

Sjanger Alternativ rock, R&B
Aktive år seint 1950-åra - 2008
Yrke Musikar, låtskrivar, plateprodusent
Tilknytte artistar Mothers of Invention,
Muffin Men,
Captain Beefheart,
Geronimo Black,
The Grandmothers,
Black, Brown and Blue,
Strange News From Mars

Jimmy Carl Black (1. februar 19381. november 2008), fødd James Carl Inkanish, Jr., var ein trommeslagar og vokalist for The Mothers of Invention.[1][2]

Karriere: 1960-åra–1990-åra[endre | endre wikiteksten]

Han var fødd i El Paso i Texas og var delvis indiansk. Den faste linja hans var «Hei gutar og jenter, eg er Jimmy Carl Black, og er indianaren i gruppa.» Ein kan høyre linja fleire gonger på Mothers of Invention-albumet We're Only in It for the Money (til dømes på songane «Are You Hung Up?» og «Concentration Moon»). Han var tilskriven på somme Mothers-albums med «trommer, vokal og fattigdom».[1][3]

Han var med i filmen regissert av Frank Zappa, 200 Motels, og syng songen «Lonesome Cowboy Burt». Black spelte òg fleire gonger med Zappa i 1975 og 1980,[1] og var med som gjestevokalist på «Harder Than Your Husband» på albumet You Are What You Is (1981). Same året, 1981, framførte han den same songen på diskoteket Aladdin på Oasen i Bergen, som ein del av The Grandmothers, etter at dei gav ut Grandmothers (1980).[3][4]

Jimmy Carl Black om Frank Zappa:

« Eg ville ha fortalt han at eg sette pris på venskapet gjennom alle desse åra og at eg lærte mykje frå han. Eg er verkeleg glad i Frank som om han var ein bror..[5] »

I 1972 spelte han med Geronimo Black, bandet han starta med Mothers-medlemmet Bunk Gardner.[3] Sommaren 1975 spelte han trommer for Captain Beefheart & the Magic Band med scenenamnet Indian Ink, mellom anna på Knebworth Festival. I 1980-åra spelte Black og Gardner og Don Preston saman under namnet «The Grandmothers» i lag med ein haug andre tidlegare Zappa-musikarar, men bandet vart raskt oppløyst. Black flytta så til Austin i Texas, der han møtte den engelske songaren Arthur Brown. Duoen spelte inn eit album med klassiske R&B-songar kallar Black, Brown and Blue, og heldt konsertar i lag.

I 1993 flytta Black til Europa, der han igjen starta opp The Grandmothers med dei opphavlege medlemmane Gardner og Preston og den nederlandske bassisten Ener Bladezipper (scenenamnet René Mesritz) og den italienske gitaristen Sandro Olivia.[2]

1990-åra- 2008[endre | endre wikiteksten]

Black spelte som gjestevokalist med Muffin Men, ein hyllestband til Frank Zappa frå Liverpool i England, og med Jon Larsen, på det surrealistiske prosjektet Strange News From Mars, i lag med andre Zappa-musikarar som Tommy Mars, Bruce Fowler og Arthur Barrow.[1]

Steely Dan i 2001 vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame spurte Walter Becker dei framøtte kven den opphavlege trommeslagaren i Mothers of Invention var. Becker hadde ei stund prøvde å få Black innlemma som eit grunnleggande medlem av Mothers of Invention.[1]

Black fekk diagnosen lungekreft i august 2008 og døydde 1. november 2008 i Siegdorf i Tyskland. Det vart halde minnekonsertar for han den 9. november 2008 ved Bridgehouse II i London og 7. desember 2008 i Crown Valley i California. Han etterlet seg kona Monika, tre søner og do døtrer.[2]

I 2013 gjekk dokumentaren «Where's the Beer and when do we get paid?» om Black i Tyskland.[6]

Sjølvbiografien til Black, For Mother's Sake, vart gjeve ut av enka til Black i november 2013, 5 år etter han døydde.

Bandkronologi[endre | endre wikiteksten]

  • Them 3 Guys (1959-60)
  • The Keys (1960-2)
  • The Squires (1963-4)
  • Soul Giants (1964-5)
  • The Mothers of Invention (med Frank Zappa, 1965–1969)
  • Geronimo Black (1969-70 & 1971-73)
  • Mesilla Valley Lo boys (1974-7), Captain Beefheart & The Magic Band (1975)
  • Big Sonny & The Lo Boys (1977-79)
  • The Grandmothers (1980-2)
  • Captain Glasspack & his Magic Mufflers (1982-3)
  • Pound for Pound, Junior Franklin & The Golden Echoes, Rhythm Rats (1983-5)
  • Jimmy Carl Black and the Mannish Boys (1985/6-1987/8)
  • (Austin) Grandmothers (1988-1992)
  • The Jack & Jim Show (with Eugene Chadbourne, 1993–5, 2001-8)
  • Grandmothers (1993-4, 1998, 2000)
  • The Farrell and Black Band (1995-2006)
  • The Muffin Men (1993, 1995-2008)
  • Sandro Oliva & the Blue Pampurio's , X-Tra Combo, Behind The Mirror, Boogie Stuff, Cosmik Debris, Mick Pini Band, Jimmy Carl Black Band, Tempest Quartet, Happy Metal Band, etc. (1996-2008)

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Solo[endre | endre wikiteksten]

  • Clearly Classic (1981)[7]
  • A Lil' Dab'l Do Ya (1987) - som Jimmy Carl Black & Mannish Boys
  • Brown, Black & Blue (1988) - som Arthur Brown and Jimmy Carl Black
  • When Do We Get Paid? (1998)
  • Drummin' the Blues (2001)
  • Is Singin' the Blues (2002)
  • Hamburger Midnight (2002) - som BEP (Jimmy Carl Black, Roy Estrada and Mike Pini)
  • Mercedes Benz (2003) - som Jimmy Carl Black & the X-Tra Combo
  • Indian Rock Songs from Jimmy Carl Black (2005) - konsertalbum
  • How Blue Can You Get? (2006)
  • Where's the $%&#@ Beer? (2008)
  • I Just Got in from Texas (2008) - som Chris Holzhaus, Jimmy Carl Black & Louis Terrazas
  • Can I Borrow a Couple of Bucks Until the End of the Week? (2008)
  • I'm Not Living Very Extravagantly, I'll Tell You for Sure... (2008)
  • Where's My Waitress? (2008)
  • If We'd All Been Living in California... (2008)
  • Freedom Jazz Dance - Jimmy Carl Black (2008) - (Jimmy Carl Black, Valentina Black, Bruno Marini, Daniele D'Agaro, Cristina Mazza)
  • Black/Brown/Stone (2009) - som Jimmy Carl Black, Steven De Bruyn & Jos Steen
  • Live All-Stars (2009) - - konsertalbum - som Jimmy Carl Black & the Route 66 All-Star Blues Band
  • More Rockin' Blues (2009) - som Jimmy Carl Black & the Route 66 All-Star Blues Band
  • Live in Steinbach (2009) - konsertalbum - som Jimmy Carl Black, Mick Pini & Uwe Jesdinsky

The Mothers of Invention[endre | endre wikiteksten]

Frank Zappa[endre | endre wikiteksten]

  • Lumpy Gravy (1967)
  • Confidential (1974) - konsertalbum
  • Remington Electric Razor (1980) - konsertalbum
  • You Are What You Is (1981)
  • The Supplement Tape (1990) - samlealbum
  • Tis the Season to Be Jelly (1991) - konsertalbum
  • The Ark (1991) - konsertalbum
  • Our Man in Nirvana (1992) - konsertalbum
  • Electric Aunt Jemima (1992) - konsertalbum
  • Lost Episodes (1996) - samlealbum
  • Cheap Thrills (1998) - samlealbum

Andre[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Allmusic Biography
  2. 2,0 2,1 2,2 «Jimmy Carl Black Obituary». The Guardian. 2008-11-04. Henta 17. mai 2014. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Chadbourne, Eugene. «Jimmy Carl Black Biography». AllMusic.com. Henta 17. mai 2014. 
  4. «Grandmothers (1980) - An anthology of previously unreleased recordings by ex-members of the Mothers of Invention». Eil.com. Henta 17. mai 2014. 
  5. «Jimmy Carl Black Quotes». BrainyQuote.com. Henta 17. mai 2014. 
  6. http://www.wheresthebeer.de/?lang=en
  7. Chadbourne, Eugene. «Jimmy Carl Black - Cltidleg Classic Review». AllMusic.com. Henta 17. mai 2014. 
  8. «Jon Larsen Review». GandsMusic.com. Henta 2012-12-02. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]