Peaches en Regalia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Peaches en Regalia
Singel av Frank Zappa
frå albumet Hot Rats
B-side Little Umbrellas
Utgjeve 1970
Innspelt 1969
Lengd 3:38
Selskap Bizarre
Låtskrivar(ar) Frank Zappa
Produsent Frank Zappa
Frank Zappa-kronologi
«My Guitar»
(1969)
Peaches en Regalia «Tell Me You Love Me»
(1970)

«Peaches en Regalia» er ein instrumental jazzfusion-låt av Frank Zappa. Han kom ut på Zappa-albumet Hot Rats i 1969 og har sidan blitt spelt inn mange gonger. Han vart òg gjeven ut som singel i 1970 med «Little Umbrellas» som B-side.[1] Zappa spelte ofte songen på konsertane sine, anten som opning eller ekstranummer.[1][2]

«Peaches en Regalia» er blitt inkludert i «undergrunnsversjonen» av The Real Book, trass i at han komposisjonsmessig er meir komplisert enn den dei typiske jamsession-meldoiane. Å ha ein song i debbe boka vert skildra som «den ultimate anerkjennelsen for ein jazzkomponist».[3]

Melodien vart nytta som bakgrunnsmusikk for BBC London-radioprogrammet presentert av Danny Baker. Han vart òg nytta som kjenningsmleodi tidleg i 1970-åra for BBC2-showet One Man's Week.

Ein versjon spelt inn av Zappa Plays Zappa (med sonen til Zappa, Dweezil og dei tidlegare Zappa-musikarane Steve Vai og Napoleon Murphy Brock) vann ein Grammy Award for beste rockeinstrumental i februar 2009.[4]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Utgåver[endre | endre wikiteksten]

Av Zappa[endre | endre wikiteksten]

År Album Merknader
1969 Hot Rats
1971 Fillmore East, juni 1971 Live
1981 Tinsel Town Rebellion Live som «Peaches III»
1991 Any Way the Wind Blows innspeling live i 1979, gjeven ut som ein del av Beat the Boots-serien.
1992 Swiss Cheese / Fire! innspeling live i 1971, gjeven ut som ein del av Beat the Boots II-serien.
2010 Hammersmith Odeon innspeling live i 1978

På hyllestalbum[endre | endre wikiteksten]

År Artist Album
1994 The Muffin Men Say Cheese & Thank You
1994 Riccardo Fassi Tankio Plays the Music of Frank Zappa
1995 Harmonia Harmonia Meets Zappa
1996 Omnibus Wind Ensemble Music by Frank Zappa
1997 Ed Palermo Ed Palermo Big Band Plays the Music of Frank Zappa
1999 The Dangerous Kitchen Pays Tribute to Frank Zappa
2004 Ensemble Modern Ensemble Modern Plays Frank Zappa
2004 The Muffin Men Bakers Dozen
2004 Pollo Del Mar Lemme Take You to the Beach (Various artists)
2005 Colin Towns Frank Zappa's Hot Licks

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

År Artist Album
1994 Jon Poole What's the Ugliest Part of Your Body?
1995 Meridian Arts Ensemble Prime Meridian
2000 Dixie Dregs California Screamin'
2000 The Grandmothers Eating the Astoria
2006 Dweezil Zappa Go with What You Know
2006 Daniele Sepe Suonarne 1 per educarne 100
2007 Phish Vegas 96
2009 Les cris de Paris (a cappella) Encores (alpha)
2011 Phish 2011/07/01 I Super Ball IX, NY

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 François Couture: Peaches en Regalia review on Allmusic — henta 31. mai 2014
  2. Frank Zappa shows — henta 31. mai 2014
  3. Ted Gioia: Peaches en Regalia review at jazz.com — henta 31. mai 2014
  4. Grammy.com: 51st Grammy Awards winners — henta 15 mars 2009