Tonje Glimmerdal
Forfattar(ar) | Maria Parr | ||
---|---|---|---|
Sjanger | Barnelitteratur | ||
Utgjeven | 2009 | ||
Nasjonalitet | Norsk | ||
Forlag | Det Norske Samlaget | ||
Sider | 282 | ||
ISBN 9788252174038 |
Tonje Glimmerdal er ein roman for barn skriven av Maria Parr og utgjeven av Det Norske Samlaget i 2009. Boktittelen er også namnet på hovudpersonen i boka, ei ni år gammal jente som vert ti mot slutten av romanen. Den norske utgåva av boka er illustrert av Åshild Irgens.
Tonje Glimmerdal bur øvst i Glimmerdalen som på same tid er både ei fjellbygd og ei fjordbygd. Ho er einaste ungen i bygda og beste venen hennar er den 74-årige Gunnvald. Når han hamnar på sjukehuset får Tonje mykje å ordne opp i og ei Heidi, med namn og trekk frå Johanna Spyri sine barnebøker, dukkar opp i forteljinga.
Romanen er den andre boka til Maria Parr, etter Vaffelhjarte frå 2005. Boka fekk gjennomgåande svært gode kritikkar og god mottaking hjå lesarane. Alt før ho var komen ut var boka seld til fem andre land. Parr har fått Brageprisen, den tyske Leuchs-prisen, Melsom-prisen, Nynorsk barnelitteraturpris, og Kritikarprisen for boka.
Forfattaren har lese inn lydbok av romanen.
På andre språk
[endre | endre wikiteksten]- Dansk: Tonje Glimmerdal (2011, Batzer & Co)
- Estisk: Vilgukivioru Tonje (2013, Eesti Raamat)
- Fransk: La petite terreur de Glimmerdal (2012, Thierry Magnier)
- Nederlandsk: Tonje en de geheime brief (2010, Lannoo)
- Russisk: Тоня Глиммердал (2011, Samokat)
- Svensk: Tonje och det hemliga brevet (2010, Rabén & Sjögren)
- Tysk: Sommersprossen auf den Knien (2010, Cecilie Dressler)
- Serbisk: Devojčica iz svetlucave doline (2018, Kreativni centar)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Om Tonje Glimmerdal Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine. på nettsidene til Samlaget.
- Søk på Maria Parr på SAMBOK
- Bokmelding skriven av Kjell Olaf Jensen på barnekritikk.no Arkivert 2011-07-24 ved Wayback Machine.