Tonologien i nizaa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kamerun. Nizaa blir tala av kring 10 000 menneske i eit lite område som ligg midt mellom byen Ngaoundéré og grensa mot Nigeria.

Nizaa er eit kamerunsk tonespråk som høyrer til den bantoide greina av benue-kongospråka, som er ei grein av niger-kongospråka. Framstillinga nedanfor byggjer på Endresen (1992).

Analyse[endre | endre wikiteksten]

Nizaa skil mellom H (høg), M (midtre) og L (låg) tone, som kan kombinerast på elleve ulike måtar i ei einskild staving:

Nr. Tone Skrivemåte på
lang vokal
Skrivemåte på
kort vokal
Skrivemåte på
vokal pluss konsonant
Døme
1 H áá á ám sír adj. 'svart'
2 M aa a am ɓʉʉ s. 'hovud'
3 L àà à àm ɗùù s. 'kanin'
4 HM áa ᯠám¯ ɓów¯ s. 'hund'
5 HL áà â âm shwáà s. 'sag'
6 MH am´ ngeg´cún s. 'stor krokodille'
7 ML a` am` sam` s. 'ljos'
8 LH àá ǎ ǎm dǐw s. 'andlet'
9 MHL amˆ ɓʉʉ̂ s. 'hovudet'
10 LHM ǎa ǎ¯ ǎm¯ ɓɔ̀ɔ́ŋ¯ s. 'egg'
11 LHL ǎà ǎ` ǎm` ɓɔ̀ɔ̂ŋ s. 'egget'

Ingen trykkveike stavingar[endre | endre wikiteksten]

Nett som i kantonesisk og hausa har alle stavingar i nizaa tone, og det finst ikkje noko skilje mellom trykksterke og trykkveike stavingar.

Mobilitet[endre | endre wikiteksten]

I nizaa er det svært vanleg at ein tone på siste stavinga i eitt ord hoppar over på fyrste stavinga i det neste. Når til dømes eit substantiv med tonen LH er fylgt av talordet ɓaara 'to', hoppar H-en over på fyrste stavinga i ɓaara. Døma nedanfor viser skilnaden mellom ɗùù 'kanin' og dǐw 'andlet' når dei blir kombinerte med ɓaara to':

  • ɗùù 'kanin' + ɓaara 'to' → ɗùù ɓaara 'to kaninar'
  • dǐw 'andlet' + ɓaara 'to' → dìw ɓáára 'to andlet'

Korkje ɗùù 'kanin' eller ɓaara 'to' endrar tone når dei blir kombinerte med kvarandre, Derimot ser vi "tonehoppet" når dǐw 'andlet' blir kombinert med ɓaara 'to'. Dǐw endrar tone frå LH til L, fordi H-en hoppar over på fyrste stavinga i ɓaara, som endrar tone frå M-M til H-M.

Flytande tonar[endre | endre wikiteksten]

Substantiva ɓʉʉ 'hovud' og gòŋ 'elefant' har høvesvis tonane M og L i sitatformene. Når dei derimot har talordet ɓaara 'to' etter seg, dukkar det opp ein H på fyrste stavinga av dette talordet:

  • ɓʉʉ 'hovud' + ɓaara 'to' → ɓʉʉ ɓáára 'to hovud'
  • gòŋ 'elefant' + ɓaara 'to' → gòŋ ɓáára 'to elefantar'

Ein kan gjere greie for denne ovringa ved å seie at dei leksikalske tonane til ɓʉʉ 'hovud' og gòŋ 'elefant' er høvesvis M(H) og L(H), der H-en i parentes ikkje blir uttala i sitatforma, men dukkar opp når eit anna ord fylgjer etter. Når dei står føre talordet mum 'éin', kjem H-en på slutten av substantiva, som vist nedanfor. Det skjer ikkje ved substantivet ɗùù 'kanin', som heller ikkje "gjev" nokon H til fyrste stavinga i ɓaara 'to', som vist ovanfor. Ɗùù 'kanin' har den leksikalske tonen L og dǐw 'andlet' den leksikalske tonen LH:

  • ɓʉʉ 'hovud' + mum 'éin' → ɓʉʉ́ mum 'eitt hovud'
  • gòŋ 'elefant' + mum 'éin' → gǒŋ mum 'éin elefant'
  • ɗùù 'kanin' + mum 'éin' → ɗùù mum 'éin kanin'
  • dǐw 'andlet' + mum 'éin' → dǐw mum 'eitt andlet'

Ein slik "latent" tone som ikkje er med i sitatforma, men som dukkar opp når ordet blir kombinert med andre, er eit døme på ein flytande tone.

Tonale affiks[endre | endre wikiteksten]

Nizaa dannar bunden form av substantiv ved å leggje til ein L på slutten av ordet. Denne L-en kan oppfattast som eit suffiks, men det er eit suffiks som berre har tonale eigenskapar, og ingen segmentale. Når substantivet har den leksikalske tonen H eller HM, får den bundne forma tonen HL:[1]

Leksikalsk tone Sitatform Bunden form
H H cún 'tre' HL cûn 'treet'
HM HM ɓów¯ 'hund' HL ɓôw 'hunden'

Også her dukkar dei flytande tonane opp: M(H)+L → MHL og L(H)+L → LHL. I tabellen under er ɓʉʉ 'hovud' (leksikalsk tone M(H)) og gòŋ 'elefant' (leksikalsk tone L(H)) jamførte med ɗùù 'kanin' (leksikalsk tone L):

Leksikalsk tone Sitatform Bunden form
M(H) M ɓʉʉ 'hovud' MHL ɓʉʉ̂ 'hovudet'
L(H) L gòŋ 'elefant' LHL gǒŋ` 'elefanten'
L L ɗùù 'kanin' L ɗùù 'kanin'[2]

Nedsteg[endre | endre wikiteksten]

Nett som hausa har nizaa neddrift, men i tillegg har nizaa nedsteg (engelsk downstep), som ovrar seg slik:

  • HM + H → H + !H

Dersom vi har to stavingar som fylgjer etter kvarandre, der den fyrste han den leksikalske tonen HM og den andre har ein leksikalsk tone som byrjar med H (med eller utan noko etter), blir M borte frå den fyrste stavinga, medan H i den andre stavinga blir !H. dvs. ein lægd H, dvs. ein tone som ligg mellom H og M. Her er eit døme:

  • ɓów¯ 'hund' + lóm 'bite' + (fokusmarkør) + ŋu 'ho/han' → ɓów !lóm kù ŋu 'det var hunden som beit ho/han'

Nedsteg heng tvillaust i hop med neddrift. Dersom M-en i ɓów¯ 'hund' ikkje hadde blitt borte, ville den H-en i lóm 'bite' ha blitt uttala litt lågare enn H-en i ɓów¯ 'hund'. Men i staden blir M-en borte, og etterlèt seg eit spor: ein lægd H. Der er òg mogeleg å ha "dobbelt nedsteg":

  • HM + HM + H → H + !H + !!H

Her ligg !H og !!H på ulike nivå mellom H og M.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Endresen, Rolf Theil 1992. La phonologie de la langue nizaa (nizɑɑ̀). Nordic Journal of African Studies, vol. 1, no. 1.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. HM+L blir HL, fordi HML = HL når tonesekvensen skal realiserast på éi staving.
  2. L+L blir L. LL og L kan ikkje realiserast på kvar sin måte.