Ngaoundéré

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ngaoundéré
by
Land  Kamerun
Folketal 189 800 (2001)
Kart
Ngaoundéré
7°19′17″N 13°35′02″E / 7.3213888888889°N 13.583888888889°E / 7.3213888888889; 13.583888888889
Wikimedia Commons: Ngaoundéré
Kartet viser kvar byen Ngaoundéré ligg i regionen Adamaoua i Kamerun.

Ngaoundéré er hovudstad i regionen Adamaoua i Kamerun og har om lag 150 000 innbyggjarar.

Bynamnet[endre | endre wikiteksten]

Bilete frå sentrum av Ngaoundére. I bakgrunnen kan ein sjå fjellet Ŋgáú ndéré 'navlefjellet', som har gjeve byen namn.

Namnet Ngaoundéré (på fransk også stava N'Gaoundéré) kjem frå språket mbum, der det heiter ŋgáú ndéré, som tyder 'navlefjellet' (ŋgáú 'fjell', ndéré 'navle'), etter eit fjell med same namn rett utanfor byen.[1] Dette fjellet ser ut som ein stor, rund mage med liten topp øvst som ser ut som ein utståande navle. Fjellet kan sjåast i bakgrunnen på biletet til høgre. På fulfulde heiter byen Ngawndere, uttala [ŋgáwndéré], med høg tone på alle stavingane.

Lamidatet Ngaoundéré[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonelt har byen Ngaoundéré vore bygd rundt lamidatet, dvs. palasset til lamidoen eller fulani-kongen/hovdingen (fulfulde laamiiɗo, fleirtal laamiiɓe). Lamidoen er den øvste religiøse leiaren for muslimane i regionen Adamaoua. Dei fleste lamidoane i Ngaoundéré har hatt bakgrunn i to etniske grupper, fulaniane og mbumane.

Lamidoar ved lamidatet i Ngaoundéré[2]
  1. Ardo Djobdi (1836 - 1839), son av Oumara. Fyrste hovdingen i Ngaoundéré, regjerte i 2 år.
  2. Lawan Haman (1839 - 1854), son av Ndjobdi. Regjerte i 15 år.
  3. Ardo Issa (1854 - 1878), son Ndjobdi. Regjerte i 24 år.
  4. Ardo Haman, betre kjend som Mohaman Gabdo (1878 - 1887), fils de Lawan Haman. Regjerte i 9 år.
  5. Lamido Mohamadou Abbo (1887 - 1901), son av Issa. Regjerte i 14 år.
  6. Lamido Mohamadou May (1901- 1902 ), son av Lawan Haman. Regjerte i halvtanna år.
  7. Lamido Dalil (1902 - 1904), son av May. Regjerte i halvtanna år. Avsett og nøydd bort frå landet.
  8. Lamido Issa Maïgari (1904 - 1922), son av Abbo. Regjerte i 18 år.
  9. Lamido Mohaman Iyagarou (1922-1924), son av Maïgari. Regjerte i eitt år og to månader.
  10. Lamido Yaya Dandi (1924 - 1929), son av Abbo, regjerte i 5 år.
  11. Lamido Mohamadou Abbo (1929 - 1939), son av Yaya Dandi. Regjerte 10 år og seks månader. Avsett og send til landsbyen Tignère lenger vest.
  12. Lamido Aliou (1939 - 1948), son av Abbo. Regjerte 9 år. Avsett og send i eksil til landsbyen Galim-Tignère lenger vest.
  13. Lamido Mohamadou Abbo (1948 - 1957), son av Yaya Dandi. Tok makta att 24. januar 1948 og døydde 3. januar 1957.
  14. Lamido Baba Djeilani (1957 - 1961), son av Yaya Dandi. Regjerte i 4 år. Avsett og send til landsbyen Tignère lenger vest.
  15. Lamido Iyagarou reprit le pouvoir le 17 novembre 1961, décéda le jour même suite à une crise cardiaque en entrant dans la chambre des magies du Lamidat, bravant ainsi le tracé de sang devant la porte.
  16. Lamido Tafida (1961 - 1973), son av Mohamadou Abbo. Regjerte 11 år og fire månader. Døydde 21. april 1973.
  17. Lamido Issa Maïgari Yaya (1973 - 1997), son av Mohamadou Abbo. Innsett 1. mai 1973. Døydde 20. februar 1997. Vitja Noreg (Oslo, Nittedal, Skedsmo, Tromsø og Stavanger) i oktober 1995, som gjest hjå Universitetet i Oslo, Universitetet i Tromsø og Det Norske Misjonsselskap.[3]
  18. Lamido Mohamadou Hayatou (1997 - ), son av Issa Yaya Maïgari. Innsett 1997 og framleis ved makta.

Universitetet[endre | endre wikiteksten]

Folk på universitetet i Ngaoundéré.

Universitetet i Ngaoundéré (L'université de Ngaoundéré) blei skipa i 1993. Talet på studentar stig snøgt, frå om lag 12 000 i 2007 til 15 500 i 2008.[4]

Det Norske Misjonsselskap[endre | endre wikiteksten]

Ngaoundéré er hovudsete for verksemda til Det Norske Misjonsselskap i Kamerun. Det har byen vore sidan dei fyrste norske misjonærane kom til Ngaoundéré i 1925.[5]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Fløttum, Sverre 1974. Dictionnaire mbum–français. Oslo: [utan utgjevar].

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jf. Fløttum (1974).
  2. Ahmed Luqman, Les Lamidats du Grand Nord, août 2009
  3. Lamido Issa Maïgari Yaya budde privat hjå artikkelforfattaren Rolf Theil i Nittedal.
  4. Jamfør artikkelen Ngaoundéré på fransk wikipedia.
  5. Jamfør informasjonen om Kamerun på nettsidene til Det Norske Misjonsselskap.