Tony Dunne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tony Dunne
Fødd 24. juli 1941
Dublin
Yrke fotballspelar

Anthony Peter Dunne, kjend som Tony Dunne, (fødd 24. juli 1941) er ein irsk tidlegare fotballspelar frå Dublin som med Manchester United vart FA-cupvinnar, to gongar ligameister og i 1968 vinnar av europacupen. Frå 1962 til -75 spelte han 33 landskampar for Irland. Kortvaksne Dunne spelte nesten alltid venstreback.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Dunne spelte på heimlege Shelbourne frå hausten 1958, og var med å vinne den irske cupfinalen 1960 med 2-0 over Cork. Sommaren 1960 vart han overførd til Manchester United og var gjennom mange år fast venstreback. Våren 1963 vann han sin fyrste pokal med Manchester United då klubben vann FA-cupfinalen mot Leicester City med 3-1. I 1965 vart Dunne ligameister med United, ein triumf han og klubben lukkast gjenta to år seinare. Den 29. mai 1968 kom høgdepunktet for Dunne då Manchester United vann europacupfinalenWembley stadion i London med 4-1 over Benfica frå Lisboa, i ei turnering der Dunne spelte alle United-kampane. Sidan vart det ingen triumfar på Dunne og i 1973 gjekk han vidare til Bolton og spelte i 2. dvisjon til 1978, då klubben rykte opp til 1. divisjon att. Her vart det færre kampar på Dunne og han la opp i 1979. Gjennom sine 21 år med seriespel skåra han einast tre mål, eitt for Shelbourne og to for Manchester United.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Dunne fekk sin landslagsdebut 8. april 1962 heime mot Austerrike, ein kamp som enda med tap 2-3. Fram til 1975 deltok han i 33 landskampar, i fire av dei som kaptein for laget. I sin siste kamp, 29. oktober 1975, var han med å vinne 4-0 over Tyrkia i ein EM-kvalfiseringskamp, også det heime i Dublin.

Trenar[endre | endre wikiteksten]

Tony Dunne var i 1982-83 trenar for Steinkjer Fotballklubb i norsk 2. divisjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]