Toomas Hendrik Ilves

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Toomas Hendrik Ilves
Toomas Hendrik Ilves.jpg
Fødd26. desember 1953 (69 år)
Stockholm
Statsborgar avEstland
PartiDet sosialdemokratiske partiet, Folkepartiet, Estlands bondeparti
Yrkepolitikar, journalist, diplomat, psykolog, deltakar i internasjonale forum
Utdanna vedColumbia College
Columbia University
University of Pennsylvania
Leonia High School
FarEndel Ilves
EktefelleIeva Ilves, Evelin Ilves, Merry Bullock
BarnLuukas Ilves
MedlemEuropean Council on Foreign Relations
VervPresident i Estland 2006-2016
FøregangarArnold Rüütel
EtterfylgjarKersti Kaljulaid

Toomas Hendrik Ilves (fødd 26. desember 1953 i Stockholm) er ein estisk politikar som var president i Estland frå 9. oktober 2006 til 10. oktober 2016.

Ilves vart fødd i Sverige som son av estiske flyktningar. Han voks opp i USA. Han studerte psykologi ved Columbia University i New York og University of Pennsylvania. Frå 1996 til 1998, og frå 1999 til 2002, var han estisk utanriksminister. Han er med i Det sosialdemokratiske partiet (Sotsiaaldemokraatlik Erakond), som han leia frå 2001 til 2002 då partiet heitte Det moderate folkepartiet (Rahvaerakond Mõõdukad). Han vart vald til president 23. september 2006 av Valmannsforsamlinga (Valimiskogu). Han sat som president i to periodar på 5 år.

Ilves er gift for andre gong og har tre born.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Toomas Hendrik Ilves
Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.