Topplerke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Topplerke

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: EX Forsvunnen

Galerida cristata
Galerida cristata

Systematikk
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Alaudidae
Slekt: Galerida
Vitskapleg namn
Galerida cristata

Topplerke (Galerida cristata ) er ein fugl i lerkefamilien. Han er rundt 17 cm lang og skil seg frå andre lerkefuglar gjennom ein fjørtopp på hovudet som reiser seg når topplerka syng, forsvarar territorium eller driv paringsleik.

Film av topplerke i Saudi-Arabia.
Topplerkeegg.

Lerka er ein standfugl som sjeldan forlèt hekkeområda sine. Han hekkar i mesteparten av tempererte område i Eurasia, frå Portugal i sørvest til Nordaust-Kina og Aust-India i aust. I Afrika hekkar han så langt sør som Niger. Topplerke var vanleg i Noreg på 1800- og 1900-talet, men som no er rekna som utdøydd her og ført opp på norsk raudliste. Fuglen hekka i Oslo fram til ca. 1960, og siste hekkefunn i Noreg var i 1972.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.