Tore Skoglund
Utsjånad
Tore Skoglund | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1. desember 1947 Senja kommune |
Død |
19. januar 2024 (76 år) |
Yrke | journalist, skribent, programleiar, radioprogramleiar, komikar, humorist |
Tore Skoglund (1. desember 1947–19. januar 2024) var ein norsk forfattar, journalist og komikar. Han arbeidde ei tid i jordbruk, fiskeri og anlegg, før han vart journalist i Senjens Blad, og deretter i Nordlys og A-pressa i Oslo.[1] Han arbeidde for NRK i ei årrekkje, først i samarbeid med Arthur Arntzen, deretter med programma Du skal høre mye... frå restaurant «Rorbua» i Tromsø, laurdagsserien Helan og Helan med Knut Borge, og dessutan Dansegalla frå ulike dansehallar, og radioserien Før ørene faller av med Leif Erik Forberg på P2.[1]
Utgjevingar
[endre | endre wikiteksten]- Myke poter og kvasse klør : Pussycats, 1987
- Du skal flire mye før kjeften revner, med Svein Nymo, 1988
- Flir mer!, 1989
- Tre herrer - Helt bortreist, med Knut Smistad og Arnulf Eilertsen, 1990
- Draugen, med Sonja Westrheim og Hans Kristian Eriksen, 1992
- På kanten, med Alf Tande Petersen., 1992
- Kjære skrythals, med Knut Borge, 1994
- Kjære landsmenn, med Knut Borge, 1995
- Humør-mixtur, 1996
- Hilmars verden, 1999
- Skoglunds favoritter, 2000
- Uhørt, Tore Skoglund intervjuer Tore Skoglund, 2003
- Alt for Norge - og vel så det, med Knut Borge, 2005
Utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- Æresviking av Bjarkøy
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Tore Skoglund». Cappelen Damm. Henta 21. januar 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Tore Skoglund» frå Wikipedia på bokmål, den 25. april 2012.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Nettstaden til Tore Skoglund Arkivert 2012-05-02 ved Wayback Machine.
- Tore Skoglund ved The Internet Movie Database (IMDb)