Torgeir Vraa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Torgeir Vraa
Torgeir Vraa.jpg
Fødd 16. mai 1868

Fyresdal

Død 21. juni 1934
Parti Arbeidarpartiet, Venstre

Torgeir Olavsson Vraa (16. mai 186821. juni 1934) var ein norsk pressemann og politikar frå Fyresdal. Han var fyrst medlem av Venstre, frå 1897 representerte han Arbeidarpartiet.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Vraa var son til ein gardbrukar på Rui i Fyresdal. Han gjekk Asker seminar og var ferdig seminarist i 1889. Åra 1890-1904 var han lærar i Modum, samstundes som han var gardbrukar på garden kona hans kom i frå. Frå 1902 var han journalist i Social-Demokraten. I 1905 vart han den fyrste redaktøren i den ferske avisa Fremtiden i Drammen, busett i byen der. Han redigerte avisa heilt fram til han døydde.

Vraa var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet periodane 1906-09, 1925-27 og 1931-33. I sin fyrste periode var han vald frå einmannskrinsen Strømsø og Tangen, dei to siste gongane frå kjøpstadene i Buskerud (Drammen, Hønefoss, Kongsberg). Han var 1906-09 medlem av protokollkomiteen, på dei seinare stortinga var han medlem av skog- og vassdragskomiteen. Vraa var kjend som ein framifrå agitator, og reiste vidt og breitt i Noreg på talarferd for Arbeidarpartiet.

Han var også lokalpolitikar, medlem av heradsstyret i Modum og var varaordførar i Drammen bystyre mellom 1910 og 1913, samt medlem av formannskapet i til saman fire valperiodar mellom 1913 til 1928. Han var elles formann i Buskerud Arbeidarparti, samt landsstyremedlem av Det Norske Arbeidarparti 1904-12 og 1918-20.

Statue av Torgeir Vraa

Vraa døydde i Drammen i 1934. Ein statue av han vart reist i byen to år etter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]