Torghatten ASA
Hopp til navigering
Hopp til søk
Torghatten ASA (tidlegare Torghatten Trafikkselskap ASA er eit transportkonsern som driftar bussar, ferjer og snøggbåtar i store delar av landet, særleg i Trøndelag og Nord-Noreg. Selskapet vart skipa i 1878 og hadde ved utgangen av 2004 driftsinntekter på over 1,2 milliardar kroner og 2358 tilsette. Konsernsjef er Brynjar Forbergskog. Hovudkontoret ligg i Brønnøysund, og har teke namnet sitt etter det vidgjetne fjellet Torghatten som ligg i Brønnøy kommune.
Dei største dotterselskapa til firmaet er Fosen Trafikklag, Bastø Fosen, FosenNamsos Sjø, Kystekspressen, Torghatten Trafikkselskap AS, TTS bil & dekksenter, Trønderbilene, Sørlandsruta, Norgesbuss (oppkjøpt i 2004) og Torghatten Nord AS (oppkjøpt frå Hurtigruten ASA i 2008.)
Kjelder og bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen er omsett frå «Torghatten ASA» frå Wikipedia på bokmål, den 3. mai 2010.