Torleiv Stadskleiv
Torleiv Stadskleiv | |
![]() | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 10. oktober 1865 Bø kommune |
Død |
17. august 1946 (80 år) |
Yrke | kunstmålar |
Torleiv Stadskleiv på Commons |
Torleiv Jørgensson Stadskleiv (10. oktober 1865–17. august 1946) var ein norsk biletkunstnar frå Bø i Telemark, der han budde mest heile livet.

På 1880-talet var Stadskleiv ei tid elev hos Erik Werenskiold og Christian Krohg. Kring 1900 studerte han i København under leiing av Kristian Zahrtmann.
Våren 1895 flytta den unge og talentfulle biletkunstnaren Halfdan Egedius til Bø. Egedius og Stadskleiv utvikla ein tett vennskap og påverka kunsten til einannan. Egedius kjende verk Drømmeren portretterar Stadskleiv.
Stadskleiv, som var ein framifrå teiknar, henta dei fleste av sine landskapsmotiv frå skog- og fjellnaturen i Telemark. Bileta er gjerne forma i ein romantisk stil, som i mangt kan minne om kunsten til Werenskiold og Egedius.
I 1967 gav Aschehoug ut ein biografi om Torleiv Stadskleiv, skriven av bilethoggaren Dyre Vaa.
Stadskleiv er heidra med ein statue på Bø stasjon.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«Torleiv_Stadskleiv» i Store norske leksikon, snl.no.