Torri Edwards

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Torri Edwards
Torri Edwards.jpg
Statsborgarskap USA
Fødd 31. januar 1977
Fontana
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar, sprinter

Torri Edwards (fødd 31. januar 1977) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå California som i 2004 vart kåra til verdsmeister på 100 meter for 2003, og vann VM-gull i 4 x 100 m stafett i 2007.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Edwards deltok i tre øvingar under Sommar-OL 2000. Ho makta ikkje å kvalifisere seg til finalane på 100 m og 200 m, derimot var ho med på det USA-amerikanske laget som fekk bronse på den korte stafetten.

Den 11. juli 2003 sprang Edwards sitt livs fortaste 200 meter i eit stemne i Roma, klokka inn på 22,28 sekundar. Under verdsmeisterskapen i Paris nokre veker etter vart Edwards tildelt sølvmedalje på 100 m og bronsemedalje på 200 m, begge tevlingane vart vunne av landskvinna Kelli White. Då White året etter vart dømd for bruk av dopingmidlar, vart Edwards tilkjend VM-sigeren på 100-meteren og sølvplassen på 200 m. Under sjølve meisterskapen i Paris sprang Edwards USA inn til sølvmedalje i 4 x 100 m stafett, fem hundredels sekund bakom laget frå Russland.

Etter å ha vore utestengd frå friidretten i 2004-05 kom Edwards sterkt tilbake. Under VM 2007 i Aten måtte ho ta til takke med fjerdeplassen på 100 m så vel som på 200 meter. I 4 x 100 m stafett lukkast ho som ankerkvinne å springe USA sitt lag, som elles bestod av Lauryn Williams, Allyson Felix og Mikele Barber, inn til gull, 0,03 sekund framom Jamaicas Veronica Campbell.

I 2008 flytta Edwards den personlege rekorden på 100 meter til 10,78 sekundar i semifinaleløpet då USA heldt OL-uttak, der ho i finalen vart nummer to. Under sommarleikane i Beijing enda ho på åttandeplassen i 100-metersfinalen.

Doping[endre | endre wikiteksten]

Edwards vart i juli 2004 dømd for doping og utestengt i to år. I november 2005 vart utestenginga korta ned til 15 månader, etter at det forbodne stoffet Nikethamide vart nedgradert av WADA.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • OL 2000 i Sydney: Bronse i 4 x 100 m stafett. Utslått i semifinalane på 200 m (23,06 =nr 10) og i kvartfinalane på 100 m (11,32 =nr 17)
  • VM 2003 i Paris: Gull på 100 m – 10,93, sølv på 200 m – 22,47, og i 4 x 100 m stafett
  • VM 2007 i Osaka: Gull i 4 x 100 m stafett. Nr 4 på 100 m – 11,05, og på 200 m – 22,65
  • OL 2008 i Beijing: Nr 8 på 100 m – 11,20. Utslått i forsøket på 4 x 100 m stafett

Kjelder[endre | endre wikiteksten]