Trøndelagsutstillinga i 1930

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Publikum på festplassen «Fontænegaarden» på Trøndelagsutstillinga 1. juni 1930, dagen då kong Haakon VII opna arrangementet.

Trøndelagsutstillinga 1930 var ei stor utstilling som vart arrangert på Nidarø og Skansen i Trondheim frå 1. juni til 5. oktober 1930.[1] Med utstillarar frå Trøndelag og resten av landet var dette den første større mønstringa av næringslivet i Noreg sidan Jubileumutstillinga på Frogner i Oslo i 1914.[1]

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Utstillingsområdet i Trondheim sentrum, med mellombels gangbru frå Nidarø over Nidelva til Ilen kyrkje og fiskeriutstilinga på Skansen.
«Solbåten», ein kinesisk djunke med reklame for Movinckels Margarin, ved gangbrua over Nidelva.

På utstillingsområdet var festplassen med paviljongar og hallar på i alt 22 000 golvareal. Totalt 1 927 utstillarar presenterte aktivitetar og produkt frå samfunnsliv, primærnæring, industri og anna næringsverksemd.[1] Over Nidelva frå Nidarø var det bygt ei mellombels gangbru til Ilen kyrkje og fiskeriutstillinga på Skansen der polarskuta «Fram» låg.[1] Frå juni til september vart det halde rundt 160 møte og stemne med kring 24 000 deltakarar. Utstillinga omfatta òg eit fornøyelseområde.[1] Kong Haakon VII opna utstillinga.[1]

I 1930 var det 900-årsjubileum for Slaget på Stiklestad 29. juli 1030.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Strinda historielag om Trøndelagsutstillinga 1930

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]