Trøye
Utsjånad
Trøye (frå norrønt treyja) er klede til å ha på overkroppen som finst i mange utformingar. Dei kan brukast som undertøy, mellomlag eller sitja ytst, som dag- eller nattklede.
Det finst ermelause, kort- og langerma trøyer. Dei når gjerne til livet men kan også vera lengre. Dei kan ha krage eller vera kragelause. Ofte blir type eller bruk spesifisert i namnet til trøya, som undertrøye, ulltrøye, fotballtrøye og så bortetter.
Typar
[endre | endre wikiteksten]- Blåtrøye, slitesterk blå ullegenser
- Helsetrøye, ein type undertrøye av bomull med grove maskar som dannar eit varmeisolerande luftlag inntil kroppen.
- Islandstrøye, islandsgenser eller islender er en tjukk strikkegenser. Shetlandstrøye er ein tilsvarande genser laga av ull av shetlandssauar.
- Korktrøye eller korkvest, ein gammaldags symjevest fôra med kork for dei som skulle læra å symja
- Rundtrøye eller stuttrøye, ei kort trøye eller jakke utan flak eller frakkeskjøtar.
- Tvangstrøye, ein jakke med lange, lukka erme som kan bindast saman. Tvangstrøyer er blitt brukt på fanger og psykiatriske pasientar.
- Undertrøye eller underskjorte er undertøy av ull, bomull eller silke som ein ber inntil kroppen.
- Vampe, ei kort eller lang manns- eller kvinnetrøye av varierande form.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- Genser
- Kittel, serk
- Kufte, busserull
- Skjorte, bluse
- T-skjorte, singlet
- Tunika
- Trikot
- Undertøy
- Vams
- Vest
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «DigitaltMuseum: Søk: 'trøye'». DigitaltMuseum. Henta 21. mai 2012.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Trøye» frå Wikipedia på bokmål, den 17. januar 2013.