Serk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skisse av ein serk.

Serk er eit langt, lausthengjande underplagg til å trekkja over hovudet som var mykje brukt i Europa i historia. Plagget kan likna på ei vid, sid skjorte eller ein kjortel. Ordet blir brukt både om underkjolar brukt av kvinner frå mellomalderen og seinare, om nattskjorter for kvinner og menn og om anna undertøy frå gamle dagar som er forma som trøyer og kjolar. Den tradisjonelle norske serken var ermelaus eller korterma, og kunne vera todelt, med fint tøy i overdelen og grovare tøy i den nedre.[1] I dag bruker ein også ordet om underkjolar eller skjorter til bunad, ofte brukt under eit livstykke.

Historikk og variantar[endre | endre wikiteksten]

Nemning[endre | endre wikiteksten]

Ordet serk har i norsk, dansk og svensk også blitt brukt om andre kittel- eller kjoleliknande underplagg for kvinner og menn. Bildet viser den svenske diktaren Gustaf Fröding iført «särk», det vil seia sjukeskjorte, i 1908.
Foto: Herman Hamnqvist

«Serk» blei skrive serkrnorrønt og siercgammalengelsk. Ordet kan vera lånt frå romansk, og er kanskje avleidd frå dei latinske orda siericum og serica, som tyder «(plagg av) silke».[2]

Nemninga blir oftast brukt om historiske kvardagsplagg, først og fremst undertøy og nattøy i vikingtida, mellomalderen og framover til tidleg på 1900-talet.[3]

Ein har også brukt nemninga om fleire side klede som side brynjer, som i nemninga «brynjeserk».[1] På dansk og i eldre norsk har særk også mellom anna vist til «skjorteliknande kledingsstykke for menn (eller begge kjønn)», «likskjorte» og «kvit lerretskjortel brukt i gudsteneste» (messeserk, korserk og liknande).[2]

Frå byrjinga av 1800-talet brukte overklassen det franske ordet chemise (danna frå latinsk camisia, «skjorte»), medan vanlege folk heldt på namnet serk til kring 1900.[4]

Bruk i mellomalderen og framover[endre | endre wikiteksten]

Kvinne med badekvast, holk og lett, ermelaus serk (underkjole). Frå Wenzelbibelen, eit bøhmisk manuskript laga for kong Wenzel på 1390-talet.

I tidleg mellomalder tok fornemme kvinner i Europa i bruk ein underkjortel av silke eller fint, kvitt lerretsstoff som blei kalla serk.[4] I Norden bar kvinnene i mellomalderen vanlegvis serk, kort underbrok og strømper under fotsid kjortel og kappe.[5] På hovudet brukte dei skaut eller hovudlin. Mennene gjekk med knekort kjortel, langbrok (lange strømper eller hoser), skjorte og kort underbrok (skrevklede). Underkjortlar har vore av lin, overkjortlar av ull. Utanpå serken bar ein tidvis ein kortare overkjortel som blei kalla blæja. I fransk overklassemote kom ein lengre, trong variant av ytterplagget som blei kalla bliaud.[3]

På 1500- og 1600-talet bar kvinnene i Europa tynne serkar og underkjolar under korte kjortlar i form av kitlar, under jakkar og så vidare. På landet var kvite lerretsserkar vanleg heime- og arbeidsdrakt for kvinner heilt opp til 1870-talet, skjorteplagg som blei bore med livstykke og skjørt over.[4]

Ein kunne sy saman ein serk på same måte som ein kjole, med innsydde kiler i sidene og under ermene for større vidde. Serkar kunne også vera ermelause, med skjørt og liv i eitt og band eller selar over skuldrene. Serkar blei bore mot kroppen under kjolen, eller med ein underserk. Tradisjonelt laga ein plagga av grovare eller finare lin, hamp eller ull, men seinare blei dei også laga av bomull. Ein kunne pynta plagga med broderi, blonder og andre detaljar.

Serk i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Ettersom serk etterkvart for det meste blei eit kvinneplagg, er han nytta som symbol på kvinner i ord og vendingar, som i døma «kjerringa var heime og var bonden i serk og dreiv garden» og «dotteri gjeng i mor sin serk, og sonen gjer far sitt verk» frå Norsk Ordbok.[1] På svensk har ein omgrep som särk-adel, adelskap overført gjennom ei kvinneleg line, särknamn om det at mannen tek kona sitt namn, til dømes om dei fekk ein gard gjennom henne, og särk-karl om ein tøffelhelt.

skotsk er ordet sark brukt for serk. I det kjende diktet «Tam o' Shanter» av Robert Burns er ei dansande heks i ein kort serk ein viktig person. Ho blei kalla Cutty-sark, og er opphavet til namnet på den kjende klipperen «Cutty Sark», som opphavleg hadde denne heksa som gallionsfigur.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]