Trastesongar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Trastesongar

Status i verda: LC Livskraftig

Trastesongar Foto: Carles Pastor
Trastesongar
Foto: Carles Pastor
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Acrocephalidae
Slekt: Acrocephalus
Art: A. arundinaceus
Namn på andre språk
  • Engelsk: Great reed warbler
  • Vitskapleg namn
    Acrocephalus arundinaceus

    Trastesongar (Acrocephalus arundinaceus) er ein stor songar i kjerrsongarfamilien som er hekkefugl i Europa og austover til vestre Mongolia. Han overvintrar i Afrika sør for Sahara. I Noreg er denne arten ein sjeldan gjest.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Trastesongar liknar røyrsongar, berre mykje større, med kroppslengd på 16 til 20 centimeter. Hovudet er relativt stort og nebbet grovt med ein mørk flekk på undersida ut mot spissen. Fjørdrakta er brun på oversida, og lysare beige på undersida. Det lyse strupeområdet kan ha svake grå striper. Halen er litt avrunda i enden. Kjønna er like.

    Songen er høglydte, gjentatte rytmiske seriar av skrikande variantar med falsettlydar som til dømes «krie-krie-krie trr-trr-kie-kie».[1]

    Hekkehabitatet er enger av takrøyr ved opent ferskvatn, nokre gongar i liknande høge vekster av dunkjevlefamilien. Om vinteren kan dei beite på tørrare område, i høgt gras, i hagar, og i mais- og sukkerplantasjar. Utbreiinga for hekking er Europa aust for Noreg og Storbrittania, nordvestre Afrika, Midt-Austen, Kaukasus og inn i vestre Mongolia og nordvestre Kina. I Europa er hekkeområda fragmenterte.[2] I Noreg blir meir enn 85 % av registreringane av streiffuglar gjort i månadene mai og juni, i dei siste ti åra er det gjort gjennomsnittleg fire godkjente registreringar av arten årleg i Noreg, omtrent halvparten av desse frå Hordaland til Vest-Agder fylke.[3]

    Denne kjerrsongaren er insektetar, men kan supplere med sniglar, små ryggstrengdyr og jamvel bær og fruktar utanom hekketida.[2]

    Populasjonen er estimert til mellom 5 og 9 millionar individ og er trudd å vere minkande. Han er kategorisert som livskraftig, LC, av IUCN.[4]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar
    1. Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
    2. 2,0 2,1 Dyrcz, A. (2018) Great Reed Warbler (Acrocephalus arundinaceus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 20. juni 2018
    3. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 20. juni 2018. 
    4. BirdLife International (2018) Species factsheet: Acrocephalus arundinaceus. Henta frå http://www.birdlife.org den 20. juni 2018

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Trastesongar