Tretåbuttnebb
Utsjånad
Tretåbuttnebb | |
![]() Tretåbuttnebb | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: ![]() ![]() Utbreiinga av tretåbuttnebb | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Buttnebbfamilien Paradoxornithidae |
Slekt: | Buttnebb Paradoxornis |
Art: | Tretåbuttnebb P. paradoxus |
Vitskapleg namn | |
Paradoxornis paradoxus |
Trebuttnebb (Cholornis paradoxus) er ein medlem av buttnebbfamilien, Paradoxornithidae. Han er endemisk for Kina.
Denne arten er særs lik brunbuttnebb både i storleik, fjørdrakt og i læte. Men trebuttnebb skil seg frå alle andre buttnebb og frå alle andre i heile Passeriformes ved at han har to samansmelta tær. Storleiken er 20–21 cm og dei veg frå 31,5 til 39 gram. Fjørdrakta er som brunbuttnebb, og liknar elles meir på storbuttnebb enn andre artar i Paradoxornis.
Songen liknar song frå storbuttnebb, med ganske høge, tydelege og relativt formulerte songar, vanlegvis av opptil fire tonar. Men ropa skil seg frå dei åt storbuttnebb, med gutturale og korte skingrande høgfrekvente lydar og harde sprakande tonar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- John Penhallurick, Craig Robson (2009). «The generic taxonomy of parrotbills (Aves, Timaliidae)» (PDF). Forktail 25: 137–141. Henta 30. desember 2011.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Videoar, bilete og lydopptak av tretåbuttnebb hos Internet Bird Collection