Brunbuttnebb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Brunbuttnebb

Status i verda: LC Livskraftig

Bilete frå Thimphu, Bhutan Foto: Mahesh Iyer
Bilete frå Thimphu, Bhutan
Foto: Mahesh Iyer
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Sylviidae
Slekt: Paradoxornis
Art: P. unicolor
Vitskapleg namn
Paradoxornis unicolor
Hodgson, 1843

Brunbuttnebb (Paradoxornis unicolor) er ein medlem av songarfamilien Sylviidae. Han har leveområde i Himalaya innanfor austlege Nepal, India, Bhutan søraustlege Tibet, og i nordlege Myanmar og i Kina.

Denne arten er særs lik tretåbuttnebb både i storleik, fjørdrakt og i læte. Men desse to artane skil seg frå kvarandre ved at trebuttnebb manglar ei av tærne. Storleiken er 20-21 cm og dei veg frå 31,5 til 39 gram. Storbuttnebb er den arten som liknar mest på brunbuttnebb og tretåbuttnebb i farge og fjørdrakt.

Songen liknar song frå storbuttnebb, med ganske høge, tydelege og relativt formulerte songar, vanlegvis av opptil fire tonar. Men ropa skil seg frå dei åt storbuttnebb, med gutturale og korte skingrande høgfrekvente lydar og harde sprakande tonar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]