Trommeslagaren Tony Levin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tony Levin
Tony Levin (drummer).jpg
Levin på scenen 29. oktober 2006
Fødd30. januar 1940(1940-01-30)
FødestadMuch Wenlock i Shropshire i Storbritannia
Død3. februar 2011 (71 år)
OpphavStorbritannia
Aktiv1960 til 2011
SjangerJazz
InstrumentTrommer
Tilknytte artistarTubby Hayes, Paul Dunmall
Verka somtrommeslagar, jazzmusikar

Tony Levin (30. januar 19403. februar 2011[1]) var ein engelsk jazz-trommeslagar.

Levin spelte i Ronnie Scott's Jazz Club i 1960-åra med artistar som Joe Harriott, Al Cohn, Harry «Sweets» Edison, Zoot Sims og Toots Thielemanns.

Han spelte med Tubby Hayes' Quartet (1965–1969) og sidan med ei rekkje grupper og artistar, som Alan Skidmore (1969), Humphrey Lyttelton (1969), John Taylor (1970-åra), Ian Carr's Nucleus (1970-åra), Stan Sulzmann, Gordon Beck sitt Gyroscope, duo med John Surman (1976), European Jazz Ensemble, Third Eye (1979), Rob van den Broeck (1982), Philip Catherine (1990-åra), Sophia Domancich Trio (med Paul Rogers, kontrabass; 1991–2000), Philippe Aerts (2000-åra).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Tony Levin 1940-2011 R.I.P.». Birmingham Jazz. 31. desember 2020. Henta 31. desember 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]