Tsju

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Tsju
elv
none Tsju ved Kordaj, grenseovergangen mellom Kasakhstan og Kirgisistan
Tsju ved Kordaj, grenseovergangen mellom Kasakhstan og Kirgisistan
Land Kirgisistan, Kasakhstan
Renn gjennom Sju, Besjkek
Lengd 1 067 km km
Kjelde Vest i Tian Shan
Munning Den kasakhstanske steppa
Wikimedia Commons: Chu River

Tsju (russisk Чу, Tsju; kirgisisk Чүй, Tsjuj; kasakhisk Шу, Sju) er ei elv nord i Kirgisistan og sør i Kasakhstan. Ho er litt over 1 000 kilometer lang og er ei av dei lengste elvane i Kirgisistan.

Tsju spring ut frå dei nordlege kirgisiske fjellkjedene vest i Tian Shan. Ho renn berre eit par kilometer frå Issyk-Kul (nær Balyktsji) utan at ho faktisk renn ut i innsjøen og snur i staden nordvestover. Etter ho har passert den smale Boomravinen (russisk Boomskoje usjtsjlje) renn ho ut i den relativt flate Tsjudalen, der den kirgisiske hovudstaden Bisjkek og den kasakhstanske byen Sju ligg. Mykje av vatnet til Tsju vert nytta til vatning i Tsjudalen, både på den kirgisiske og den kasakhstanske sida.

I Tsjudalen dannar Tsju grensa mellom Kirgisistan og Kasakhstan i meir enn 100 km, men renn så lenger inn i Kasakhstan, der ho som mange andre elvar som renn frå Nord-Kirgisistan til slutt berre forsvinn på steppa.

I mellomalderen var området strategisk viktig. Her låg Suajub, hovudstaden til Det vestlege tyrkiske khaganatet, og Balasagun, hovudstaden i Kara-Khitan.

Tsuj oblast, det nordlegaste og folkerikaste olbastet i Kirgisistan, er kalla opp etter elva. Det same er Tsju-gata, hovudgata i Bisjkek, og byen Sju i provinsen Zjambyl i Kasakhstan.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]