Tungebein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Framsida av tungebeinet

Tungebeinet (av latin os hyoideum) er ein hesteskoforma knokkel langs den fremre midtlinja i nakken, mellom kinnet og skjoldbrusken. Ved kvile ligg den på høgd med underkjeven forfrå og tredje halsvirvel (C3) bakfrå.

Den har ei fjern artikulering til andre knoklar og leddband. Den er ankra fast av musklar forfrå, bakfrå og nedantil, og bistår tunga i rørsle og svelging. Tungebeinet gjev feste til musklane i munngolvet og tunga over, strupehovudet (larynx) under, samt epiglottis og svelget (farynx) bak.

Namnet kjem frå gresk hyoeides, som tydar «forma som bokstaven ypsilon (υ)».

Fleire bilete[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]