Turnaren Li Jing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Li Jing
Statsborgarskap Folkerepublikken Kina
Fødd 23. februar 1970 (54 år)
Hengyang
Idrett turn
Tok del i

Asialekene 1994, Asialekene 1990, gymnastics at the 1992 Summer Olympics – men's parallel bars, gymnastics at the 1992 Summer Olympics – men's rings

Li Jing (fødd 23. februar 1970) er ein kinesisk tidlegare turnar frå Hengyang. Han vart verdsmeister i skranke i 1989 og 1991.

Li vart tredjemann i mangekampen under Turn-VM 1989 i Stuttgart. Han fekk bronsemedalje også i lagtevlinga og i bøylehest. Høgdepunktet i meisterskapen kom då han med sine 9,90 poeng delte fyrsteplassen i skranke med Vladimir Artjomov frå Sovjetunionen. To år seinare forsvarte Li meistertittelen i skranke då Turn-VM 1991 vart avvikla i Indianapolis i USA. Han vann også sølv i lagtevlinga og fekk som sist ein bronsemedalje i bøylehest. Frå Sommar-OL 1992 i Barcelona reiste Li med tre sølvmedaljar, oppnådd i ringar, skranke og lagtevlinga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]