Hopp til innhald

Tuuspråk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tuuspråk
Vidare inndeling:
  • Taa
  • ǃKwi
Område: Sør-Afrika og Botswana
Glottolog: tuuu1241


Historisk utbreiing til tuuspråk avmerka i rosa.

Tuuspråk, eller Taa-ǃKwi' ('Taa-ǃUi, ǃUi-Taa, Kwi), er ein språkfamile som består av to språkgrupper som vert snakka i Botswana og Sør-Afrika. Tilhøvet mellom dei to språkgruppene er ikkje i drege i tvil, men det er ikkje noko nært slektskap. Namnet Tuu kjem frå eit ord som er felles for begge greinene av språkfamilien, og som tyder "person".

Historie[endre | endre wikiteksten]

Urspråkat attom Tuu-språka, ur-tuu, vart truleg òg snakka i eller rundt Kalahari-ørkenen, noko som stør opp om denne hypotesen er at eit ord for gemsebukk, *!hai kan rekonstruerast til ur-tuu.[1]

Det ser ut til at mange ord har vorte lånt mellom tuuspråk og andre khoisanspråk, inkludert ord frå det grunnleggende ordforrådet. Særleg gjeld det khoekhoe, som ser ut til å ha eit tuu-språk, kanskje frå ǃkwi-greina, som substratspråk.[2]

Eksemplar på lån frå khoe til tuu inkluderer ordet for bryst (ǃxóõ gǁúu frå khoe *gǁúuu) og ordet for kinn (nǁng gǁann frå khoe *ǁann).[3] Ei rott for ordet for lus, som er felles for fleire khoe- og tuuspråk (ǁxóni~kx'uni~kx 'uri) har blitt foreslått som avleidd frå eit pre-tuu/pre-khoe-substrat.[4]

Klassifisering[endre | endre wikiteksten]

Tuuspråka er ikkje relatert til nokon annan språkfamilie, sjølv om dei har mange sams drag med språka i kxʼa-familien. Dette blir generelt sett på som å vera eit resultat av tusenvis av år av kontakt og gjensidig påverknad (dvs. at språka dannar eit såkalla Sprachbund), men nokre forskarar trur at dei to familiane til slutt kan vise seg å vera i slekt.

Tuuspråka vart ein gong sett på som ei grein av den no forkasta khoisan-språksfamilien, og etter denne oppfatninga vart dei kalla sørlege khoisanspråk.

Språk[endre | endre wikiteksten]

Ein hypotese om tilhøvet tuuspråka i mellom går fram av denne slektstreet. På fleire stader finst ikkje nok data til å skilje språk frå dialekt:[5]   ǃKwigreina (ǃuigreina) i Sør-Afrika er døyande, med berre eit språk att Nǁng, og det med berre ein eldre talare. ǃkwi-språk var ein gong utbreidd i heile Sør-Afrika; det mest kjende av dei, ǀxam, var kjelda til det moderne nasjonale mottoet til Sør-Afrika: ǃke eː ǀxarra ǁke.

Taagreina i Botswana er meir robust, sjølv om òg ho har berre eitt språk som har overlevd, ǃxóõ, med 2 500 talarar.

Fordi mange av tuuspråka blei utrydda før dei vart dokumenterte er det stor forvirring om kven av dei mange namna representerte ulike språk eller kanskje dialektar. Termen «Vaal-Orange» vart ein gong brukt for ǂungkue (tidlegare snakka ved samløpet av elvane Vaal og Orange) i lag med fleire av dei østlege dialektane som seinare har vorte skild frå kvarandre.

Det var truleg fleire tuuspråk. Westphal studerte ein taavariant som har vorte kalla ǀŋamani, ǀnamani, ngǀamani, ǀŋamasa, og som no ser ut til å vere utdøydd. Bleek skildra ein annan no utdøydde dialekt, som ho kalla «S5», i byen Khakhea; det er kjent i litteraturen som Kakia. Ein annan dialekt i området Nossop (merket "S4a") er kjent som Xaitia, Khatia, Katia, Kattea. Valpens, ǀkusi og ǀeikusi ser ut til å referere til den same dialekten som xatia. Westphal (1971) listar dei begge som nǀamani-dialekt, sjølv om Köhler berre rekner opp berre khatia og klassifiserer det som ǃkwi.

Tuuspråka er i lag med nabospråka ǂʼamkoe, er kjende for å vera dei einaste språka i verda som har bilabial klikk som separat fonem (bortsett frå den utdøyde rituelle språket damin i det nordlege Australia, eit språk som ikkje var morsmål for nokon). Taa, ǂʼamkoe og nabospråket gǀui (eit språk i khoefamilien) dannar eit Sprachbund med dei mest komplekse konsonantsystema i verda, og blant dei mer komplekse vokalsystema. Alle språk i desse tre familiane har òg tone .

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Güldemann, T (2005). «Tuu as a language family». Studies in Tuu (Southern Khoisan). 
  2. Güldemann, Tom (2006), Matras, Yaron; McMahon, April; Vincent, Nigel, red., «Structural Isoglosses between Khoekhoe and Tuu: The Cape as a Linguistic Area», Linguistic Areas (på engelsk) (London: Palgrave Macmillan UK): 99–134, ISBN 978-1-349-54544-5, doi:10.1057/9780230287617_5, henta 25. september 2022 
  3. Güldemann, T., & Loughnane, R. (2012). The problem of linguistic inheritance and contact in the Kalahari Basin: the case of body parts.
  4. George, S. (2021). Lexicostatistical studies in Khoisan II/1: How to make a Swadesh wordlist for Proto-Tuu (Proto-South Khoisan). Вопросы языкового родства, (2 (19)), 39-75.
  5. Tom Güldemann. 2019. Toward a subclassification of the ǃUi branch of Tuu. Paper presented at Afrikalinguistisches Forschungskolloquium at Humboldt Universiät zu Berlin, 8 January 2019. 10pp.
  • Güldemann, Tom (2006). «The San languages of southern Namibia: Linguistic appraisal with special reference to J. G. Krönlein's Nǀuusaa data». Anthropological Linguistics 48 (4): 369–395. 
  • Story, Robert (1999). Traill, Anthony, red. «Kʼuǀha꞉si Manuscript». Khoisan Forum Working Paper (Köln: University of Köln) 13: 18–34.  (MS collections of the Kiǀhazi dialect of Bushman, 1937)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]