Twentekanaal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Twentekanaal

AkzoNobel ved hamna i Hengelo ved Twentekanaal.
Kart
Twentekanaal
52°14′16″N 6°38′43″E / 52.23789°N 6.64536°E / 52.23789; 6.64536

Twentekanaal er ein kanal som går gjennom dei nederlandske provinsane Gelderland og Overijssel, og bind saman dei tre største byane i regionen Twente, Almelo, Hengelo og Enschede med det nasjonale nettverket av elver og kanalar.  Fordi kanalen deler seg for å nå Almelo, er han offisielt fleire kanalar med namnet Twentekanalen.

Twentekanaal byrjar ved IJssel nord for Zutphen ved landsbyen Eefde og går gjennom Almen, Lochem, Goor, Delden og Hengelo til Enschede. Vest for Delden går ei grein av kanalen til Almelo.

Begge kanalane (Zutphen–Enschede og Delden–Almelo) blir forvalta av det nederlandske regjeringsorganet Rijkswaterstaat. Kanalen som går mellom Eefde og Delden er 33 kilometer lang, greina Delden–Almelo er 15 kilometer lang og kanalstrekningane Delden–Hengelo og Hengelo–Enschede er høvesvis 9 og 5 kilometer lange. Den totale lengda til kanalen er 65 kilometer.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Slusa ved Eefde.
Twentekanaal ved Dochterense-brua i nærleiken av Lochem.
Twentekanaal i Enschede.

Den fyrste planen for ein kanal til Twente går tilbake til midten av 1800-talet, men bygginga av han byrja ikkje før i 1930, etter ulike usemjer. Kanalen blei bygd for å sikre betre forsyning av råvarer til tekstilindustrien (som bomull) og til forsyning av kol frå gruver i Limburg. Størstedelen av kanalen blei bygd som eit prosjekt for å få arbeidsledige i arbeid under den økonomiske krisen. Kanalen blei stort sett graven ut for hand. I 1938 stod han ferdig. I 1953 blei kanalen utvida med greina som bind saman hamna i Almelo og Kanaal Almelo-De Haandrik med Twentekanaal.

Fram til 2003 blei vatn frå kanalen pumpa inn i jorda og filtrert med sand og grus; drikkevatnet som blei produsert på denne måten forsynte 80 % av drikkevatnet til Enschede. På grunn av ein stor brann i Vredestein i Enschede blei kanalen her stengt i fleire veker for å unngå å spreia ureining. Forsking av vasselskapet Vitens i februar 2008 fann at vatnet frå Twentekanaal ikkje lenger var eigna til drikkevatn.[1]

Twentekanale er blitt utvida og fordjupa frå CEMT-klasse IV til CEMT-klasse Va-mellom 2004 og 2007. Dette tyder at eit stort rhinskip (maks. 11,50 breidt, 2,70 tonn og 110 meter langt) kan bruka kanalen.

Slusa ved Eefde.

I dag blir kanalen brukt til å transportera sand, grus, salt og kjøt. I 1996 blei det lasta og lossa 432.277 tonn i Enschede og 2.322.270 tonn i Hengelo. Kanalen blir òg nytta til rekreasjon, både segling og fiske, i tillegg til drenering og til drikkevatn i Enschede.

Sluser[endre | endre wikiteksten]

Den totale høgdeskilnaden mellom Zutphen og Enschede er 21 meter. For å bøta på skilnaden har Twentekanaal tre sluser. Slusa ved Eefde-brua har ein skilnad på ca. 6 meter, avhengig av vassnivået i IJssel. Slusa i Delden har òg ein skilnad på 6 meter, og slusa i Hengelo 9 meter. Det er inga sluse i greina til Almelo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. [1], "Vitens stopt waterinname Twentekanaal uit kwaliteitszorg" Vitens, 3. mars 2008

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Twentekanaal