Hopp til innhald

Užice

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Užice
Ужице
Utsyn over Uzice
Utsyn over Uzice
Utsyn over Uzice
Byvåpenet til Užice
Region
Distrikt
Šumadija og vestlege Serbia
Zlatibor
Flatevidd 667 km²
Flatevidd
  By

667 km²
Innbyggjarar[1]
  By (2022)
  Byområde

69997
48539
Tidssone
  Ved sommartid
UTC+01:00, UTC+2 (UTC)
UTC+2 (UTC)
Postnummer 31000
Bilnummer UE
Nettstad: www.graduzice.org
Plassering av  Užice
Plassering av Užice

Užice (kyrillisk Ужице) er ein by og kommune i Serbia. I 2022 hadde sjølve byen 48 539 innbyggjarar, men medrekna forstadane har byen nesten 70 000 innbyggjarar.[1] Han er det administrative senteret i distriktet Zlatibor. Byen ligg ved breidda av elva Đetinja.

Regionen der Užice ligg vart først busett av illyrarar, særleg stammene Parthini og Autariatae. Gravene deira finst i heile regionen. Regionen vart annektert av Romarriket og vart ein del av provinsen Dalmatia.

Mellomalderen og Det osmanske riket

[endre | endre wikiteksten]

I mellomalderen flytta fleire slaviske folk til området. Rundt 1180 annekterte Stefan Nemanja Užice til Raška (Sandžak) . Då kong Dragutin abdiserte til fordel for broren Milutin, heldt han kontrollen over Užice og fekk regionen Mačva av den ungarske kongen. Av dette danna han kongedømet Srem. Då kong Dragutin døydde, vart landområda hans annektert av Serbia. Etter tsar Stefan Dušan døydde, kom Užice under Vojislav Vojinović sin kontroll, men han vart styrta av Nikola Altomanović. Lazar av Serbia og Tvrtko I av Bosnia slo Nikola Altomanović og delte landområdet hans mellom seg. Užice kom då under Knez Lazar sin kontroll.

Gamlebyen, eit mellomalderby

Užice vart erobra av Det osmanske riket i 1463, og var ein del av Beograd Pašaluk fram til 1807, då han vart frigjort av ein serbisk hær under det første serbiske opprøret. Han var det administrative setet i regionen og distriktet, med mange handelsmenn og handverkarar. Først mot slutten av 1800-talet utvikla han seg til ein industriby. Det første vasskraftverket i Serbia vart bygr i Užice, basert på prinsippa til Nikola Tesla. Det vart bygd i elva Đetinja i 1900.

Republikken Užice

[endre | endre wikiteksten]

I 1941 vart Užice frigjort av partisanane, som gjorde byen som hovudstad i Republikken Užice. Denne republikken var ein kortvarig ministat som eksisterte hausten 1941 i den vestlege delen av det naziokkuperte Serbia.

Republic Užice bestod av nesten heile det vestlege Serbia, og hadde meir enn 300 000 innbyggjarar. Han låg mellom elvane Skrapež i nord, Drina i vest, Zapadna Morava i aust og Uvac i sør.

På denne tida produserte fabrikkane i Užice hovudsakleg utstyrt for militært bruk. Tog og vegar fungerte og det vart trykt bøker og aviser, medan krigen heldt fram i Jugoslavia og verda elles.

I november 1941 gjenerobra derimot Wermacht området, medan dei fleste partisanane flykta til Bosnia, Sandžak og Montenegro.

Togstasjonen i 1970-åra

Det sosialistiske Jugoslavia vart oppretta etter den andre verdskrigen og Užice fekk namnet Titovo Užice (Титово Ужице). Frå 1992, då kommuniststyret i landet kollapsa, vart «Titovo»-delen (som tyder «Titovo sin») av namnet fjerna. Han var ein av åtte byar i Jugoslavia som fekk dette tilnamnet, og som følgje av dette vart det investert mykje pengar i infrastruktur og lokale fabrikkar i byen.

I 1990-åra gjekk det dårleg økonomisk i Užice som følgje av krig og politisk ustabilitet.

I 1999 vart byen bombardert fleire gonger under NATO-bombinga av Jugoslavia i 1999. 6. mai vart mange vegar, motoverga, flyplassen og både sivile og offentlege byggverk råka av bombene[2].

Det moderne Užice

[endre | endre wikiteksten]

I dag er industrien den viktigaste næringa i Užice kommune. Den mest utvikla industrien er ikkje-jernhaldig metallurgi, metallhandsaming og tekstilindustri.

Dei viktigaste føretaka er Valjaonica bakra og Valjaonica aluminijuma, Metaloprerada, Alfaplast, Tvrdi metal, Woksal, Sinter, Autoventil og FASAU, alle i metallindustrien, og i tekstilindustrien er det Frotex, Kadinjača og Desa Petronijević.

Bydelskommunar

[endre | endre wikiteksten]

Frå 2013 er Užice er delt inn i to bydelskommunar, Sevojno og Užice.[3]

Folketal 2002Folketal 2011Folketal 2022
Užice75 57770 93963 571
Sevojno7 4457 1016 426
Užice83 02278 04069 997

Befolkningsutvikling

[endre | endre wikiteksten]
Historiske folketal
ÅrFolketal[4]
194845 667
195350 755
196157 062
197167 555
198177 049
199182 723
200283 022
201178 040
202269 997

Busetnader

[endre | endre wikiteksten]

Dei største busetnadane i kommunen er:[4]

BydelskommuneFolketal 2002Folketal 2011Folketal 2022
UžiceUžice55 08352 64648 539
SevojnoSevojno7 4457 1016 426
DrijetanjUžice1 0921 3161 284
BuarUžice1 0491 0821 076
VolujacUžice1 094922818

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1 2 «Укупан број становника, по насељеним местима / Total population, by settlements» (xlsx). Републички завод за статистику (Statistikkontoret for Republikken Serbia). Henta 30. september 2024.
  2. Warfacts.org.yu (1999). «(NATO Aggression) Civilian Infrastructure: Uzice». Arkivert frå originalen 4. desember 2007. Henta 23. mars 2009.
  3. «Одлука о изменама и долунама статута града Ужица (Vedtak om endring av statuttane for byen Užice)» (PDF). Службени лист града Ужица 11/2013 (Offisielt lysingsblad for byen Užice). Град Ужице. 30. mai 2013. Henta 3. oktober 2024.
  4. 1 2 «"Упоредни преглед броја становника 1948, 1953, 1961, 1971, 1981, 1991, 2002, 2011. и 2022. године Comparative overview of the number of population in 1948, 1953, 1961, 1971, 1981, 1991, 2002, 2011. and 2022.. stat.gov.rs. Statistical Office of the Republic of Serbia. Henta 30. september 2024.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]