UEFA-cupfinalen i fotball 1985

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

UEFA-cupfinalen i fotball 1985 stod mellom spanske Real Madrid og ungarske Videoton FC frå Székesfehérvár og vart avvikla med heime- og bortekamp for kvart av laga. Fyrste oppgjeret fann stad 8. mai på Sóstói stadion i Székesfehérvár framfor 38 000 tilskodarar, returkampen den 22. mai på Santiago Bernabéu i Madrid med 98 300 på tribunane. Real Madrid vann pokalen med samanlagt 3-1.

Kampane[endre | endre wikiteksten]

I Székesfehérvár skåra Real Madrids Míchel González i det 31. minutt, Santillana Alonso og Jorge Valdano la på til 2- og 3-0 etter 76 og 88 minuttars spel.

Returkampen i Madrid vart ein rein transportetappe for heimelaget; Lajos Májer sitt einslege mål for Videoton fem minuttar før full tid dempa lite på sigerssteminga.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Vinnarane frå Real Madrid bestod av Miguel Ángel González, Chendo Porlan, Manuel Sanchis, Uli Stielike, José Antonio Camacho, Isidoro San José, Míchel González, Ricardo Gallego, Emilio Butragueño, Santillana Alonso, Jorge Valdano, Juanito Gómez, José Antonio Salguero.

For Videoton FC deltok Péter Disztl, István Borsányi, László Disztl, József Csuhay, Gábor Horváth, István Palkovics, Tibor Végh, Géza Wittman, Imre Vadász, György Novath, Győző Burcsa, Ferenc Csongrádi, Imre Vadász, József Szabó, Lajos Májer, László Gyenti.

Dommarar[endre | endre wikiteksten]

Michel Vautrot frå Frankrike var kampleiar i Székesfehérvár, Alexis Ponnet frå Belgia i Madrid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]